English

Hytta ved Goaldet på Lepsøya

Haram

Kort om turen

Ein fin trimtur som kan gåast i nesten alle verforhold heile året. Hytta er ein god rasteplass som gjev ly både for sol og storm. Viss ein tek turen opp til toppen kan ein nytte peileskiva som gjev informasjon om fjell og hav i kring deg. Hytta ved Goaldet. Lepsøy Idrettslag og gode frivillige hjelpere har bygd ei steinhytte like innunder Goaldet, som er toppen på Lepsøya. Her kan du nyte medbrakt kaffe og niste og utsikta innover Romsdalsfjorden og fjellheimen rundt.

Ruteskildring

Lett synleg sti frå startpunktet til steinhytta, med god merking. Første biten går på ein gamal traktorveg. Resten går på ei godt trakka rås oppetter fjellsida. I vått ver kan råsa vere sleip, så gode sko tilrådast.

Tilkomst og parkering

Ta av på Skjelten og køyr Lepsøybrua til Lepsøya. Når du kjem på Lepsøya skal du ta av t.v. mot Rønstad. Køyr til du kjem til vegkryss og ta til høgre på Lepsøyvegen. Like etter at du har passert butikken tek du av t.v. til Sanitetshuset / Fjellvegen der det er stor parkeringsplass. 

Fottur
Blå
Stigning
430 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
452 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

093 Vigra
Køyreskildring
Print ut