Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Hundsnes-Brandalsdemningen

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

18,6

Lengde en vei (km)

9,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Utsikt over Olalidvatnet

Hundsnes-Brandalsdemningen

Fotograf: Arild Henden

Kvifor gå denne turen?

Denne merka turen er ein fin tur over fjellet mellom Hundsnes og demningen i enden av Børevatnet. Denne råsa er eit godt utgangspunkt for ei rekkje andre turar i denne delen av fjellområdet.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går gjennom slake dalfører over fjellet, men oppstigninga eller nedturen på Hundsnessida er litt bratt men god rås. Frå Brandalsida er det bilveg til start eller endepunkt av turen.
Dette er ein fire timars tur.

Kulturminne

Ca. 50 m frå lunningsplassen på Hundsnes er det eit felt med 30 gravrøyser og ei hustuft frå eldre jarnalder. Desse er lave og best synlege når graset er kort.
Langs råsa ligg det ein del gamle fjøs- og hyttemurar. Hytteområdet som vi passerer er ein gammal støyl. Ein nokså vanleg byggjemåte av desse fjøsane/hyttene, var at fjøsen var mura av stein, og over den var det bygt eit eller fleire rom i treverk. Standarden var enkel. Storsett var det høve til å sove og å koke i desse hyttene, men det fanst og dei der liggeplassen var på bjelkane over den opne fjøsen.
Ved Trollevatnet/Mørkevatnet er det spor etter meir moderne aktivitetar. Dette vatnet er regulert i samband med kraftutbygging (i Søre-Brandal) med tunnel gjennom fjellet under Lågeskaret. Frå Lågeskaret fylgjer råsa den gamle anleggsvegen fram til demningen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Demningen ved Børevatnet, eller lunningsplassen ved fjellvegen på Hundsnes.

Kvar endar turen?

Demningen ved Børevatnet, eller lunningsplassen ved fjellvegen på Hundsnes.

Kvar kan du parkere?

På lunningsplassen på Hundsnes eller ved demningen ved Børevatnet.
Bomveg frå Søre-Brandal til Børevatnet

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 18,6
Lengde en vei (km) 9,3

Kart

Turkart for Vanylven. Rute 7+rute 9