Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

2,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fin rås til Hovsnakken
Utsikt mot Stordal
Selet på Hovsnakken

Hovsnakken

Fotograf: Ruth Janne Vinje

Kvifor gå denne turen?

Bratt og fin tur til gammalt sel. Turbok å skrive seg inn i.

Kvar i terrenget går turen?

Bratt rås. Går gjennom barskog første delen, men det vert bedre utsikt når ein kjem lenger opp.
Mogleg fortsette til Varden, eller gå langs fjellsida til Midtbustsætra.

Kulturminne

Tåja - tuftene av gammal sommarfjøs. Hovsnakken har sel og fleire tufter.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Parker i sentrum eller ved bensinstasjonen. Vis á vis bensinstasjonen går du 1 km oppover mot Hovslia bustadfelt. Her følgjer ein vegen, først ein krapp sving til venstre, og lenger oppe tar ein til høgre i vegkrysset. I enden av vegen tek ein oppover forbi det siste huset (nedover går ein gangveg). Råsa starter rett over snuplassen.

Kvar kan du parkere?

Anbefalt parkering i sentrum eller ved bensinstasjonen, då det er begrensa tilgang til parkering i Hovslia.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,8
Lengde tur/retur (km) 2,8
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 400 30
Total stigning 470 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet