English

Hovdenakken frå Hovden

Hareid

Kort om turen

Ein litt brattare oppgang til Hovdenakken og ei mindre vanleg rute enn den som startar frå andre sida, ved Halsen. Flott utsikt når du kjem opp mot toppen

Ruteskildring

Start ved eit tun på Hovden ved Snipsøyrdalvegen. Det er skilta til Hovdenakken. Turen går først gjennom skog og så vidare oppover ryggen mot toppen av Hovdenakken. Stien er ikkje veldig tydeleg overalt, men det er godt merka så det er lett å finne vegen.

Tilkomst og parkering

På FV41, ca 3,5 km frå Hareid fergekai, tek du av på Snipsøyrdalvegen. Etter ca 800 m tek du av til høgre, og så vidare ca 600 m til du kjem til eit tun der du finn starten på turen. Det er godt med plass der turen startar, men høyr gjerne med dei som bur her om du kan parkere
Fottur
Blå
Lengde
3,5 km tur/retur
Stigning
407 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,5

Offentleg transport

Det er mulig å gå eller sykle frå FV 41
Køyreskildring
Print ut