English

Hovdenakken frå Halsen

Hareid

Kort om turen

Fin tur som passar for alle, ikkje minst som familietur eller ein rask trimtur. Turen går i ope lende med god sti og utsynet er flott.

Ruteskildring

Start turen ved parkeringsplassen ved Halsen. Stien er svært tydeleg heile vegen og merka med merkepinnar i starten. Følg stien over Ramnefjellet og vidare til Hovdenakken. Frå toppen er det merka vidare austover og ned mot Hovden. Går du ned her, får du ein fin overgangstur. Nedstigninga til Hovden er brattare enn ruta frå Halsen. "Sunnmøres små og store fjellturar - Hovdenakken" viser ei anna rute. Denne startar ved eit dyrkafelt litt nærmare Hareidseidet. Ei litt kortare og litt våtare rute, men også eit greit ruteval.

Tilkomst og parkering

Mellom Hareid og Ulsteinvik (RV61) tek ein av i sørleg retning på Hareidseidet, på Fjellsvegen. Køyr oppover på ein litt svingete veg (Fjellsbrekkene), om lag 3 km. Det er bra plass på parkeringsplassen der turen startar.

Kjem du frå Ulsteinvik, kan du også ta av på Fjellsvegen like etter Varleitekrysset (grusveg).

Fottur
Blå
Lengde
4,65 km tur/retur
Stigning
368 m
Tidsbruk
1t 30 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
474 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,7

Offentleg transport

Det går fint å sykle til start

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut