English

Hovda rundt

Vanylven

Kort om turen

Hovda rundt er på mange måtar ei reise gjennom Vest-Noreg i miniatyr. Hovda er ei halvøy som ligg nord for Fiskå i Vanylven. 

Ruteskildring

Ein syklar gjennom gamalt kulturlandskap der husdyra og kystbøndene gjennom mange hundre år har forma vegetasjonen. Langs Hakkalestranda frå Åram fergekai og sørover er det vid utsikt mot Stadtlandet og skjergarden, og med havet i bakgrunnen. Lenger sør er det vid fjord langs Nordstranda mot Fiskå. Frå Fiskå syklar ein gjennom vidt og ope landbrukslandskap før ein når Eidså. Frå Eidså og nordover syklar ein langs Syvdefjorden og kan nyte synet av dei alpine fjella på Breiteig på den andre sida av fjorden. Frå Koparneset og vestover mot Brandal og Åram er fjorden breiare og det er vid utsikt både innover mot Sunnmørsalpane og utover mot havet. Ynskjer ein å bruke god tid og nytte høvet til ein rast eller fleire langs vegen er det mange stader det er fint å stoppe. I Brandal er det tillaga rasteplass med fjordutsikt ved Kraftverket som ligg ned mot sjøen rett ved sida av vegen. I Leitebakkane ca 1 km sør for Eidså er det rasteplass med panoramautsikt over Breiteigsfjella. Ynskjer ein meir urørt natur kan det vere aktuelt med eit stopp på svaberga ved Åram ferjekai, eller i Flugevågen som ligg om lag midt mellom Åram og Fiskå. I Sandvika er det flott badestrand rett nedanfor Sandvikgarden som er open for besøk dei fleste helgar. http://www.sandvikgarden.no

Frå Fiskå til Koparneset kan ein i stor grad sykle på den gamle riksvegen som går mellom husa og i stor grad følgjer den marine grensa der havet stod like etter at siste istid var over. Frå Koparneset via Åram til Fiskå er det relativt lite trafikk, og også her får ein nærkontakt med husa og naturen.

Tilkomst og parkering

Fordi dette er ein sykkeltur som går rundt ei halvøy kan ein starte å sykle der ein vil, for så å kome tilbake til utgangspunktet til slutt. Kjem ein til vanylven med ferje kan ein starte og slutte turen både på Åram og Koparnes ferjekai.
Sykkeltur
Grønn Landevei
Stigning
299 m
Tidsbruk
6 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
91 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 43,5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut