Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

6,9

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Honndalsvatnet er trolsk når det er gråver!

Honndalsvatnet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Honndalsvatnet er eit fint turmål som passar for heile familien. Det er skogsveg heile vegen, litt av eldre dato og litt av nyare dato. Her er flott når sola skin og trolsk når det er gråver.

Kvar i terrenget går turen?

Start i austenden av Rotevatnet. Ta av på skogsveg som går mot Lisjedalen og Høgedalen. Ved bommen følger du skilting til Rotsethornet-lang rute. Dette er ein litt eldre skogsveg. Følg skogsvegen heile vegen til Honndalsvatnet. Undervegs passerer du skilt til Rotsethornet og Humbersetsetra. Du skal ikkje ta av i nokon av desse retningane, men følge "hovudvegen" heile vegen til vatnet. Du kan følge same veg tilbake eller følge ruta som er skildra her: Følg same veg forbi skilting til Humbersetsetra. Etterkvart kjem det ein veg som går til venstre. Følg denne og du kjem over på den nye skogsvegen til Høgedalen. Følg denne nedover til du er nede att ved start.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum køyrer du RV 651/E39 i retning Kvivsvegen/Fyrde. Ved ei rundkøyring tek du av mot Vikebygda (FV45). Etter omlag 1,5 km skal du ta av ned mot Vassbotnen. Følg vegen til golfbana. Her er det mulig å parkere, men det er golfklubben sin parkeringsplass så ver obs på arrangement. Følg vegen som går vidare rundt Rotevatnet. Etter at du har passert ei grind kjem du etterkvart til ein skogsveg på venstre side som du skal følge. Ruta startar her. (GPS-sporet viser heile vegen frå parkeringsplassen ved golfbana)

Kvar kan du parkere?

Kjem du med bil, kan du parkere ved golfbana dersom der er god plass og der ikkje er golfarrangement. Viss ikkje må du sjå om du finn parkering langs vegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 5,9
God sti 1
Lengde tur/retur (km) 6,9
Stigning meter grader
Total stigning 343 Høydemeter

Offentlig transport

Det er fint å sykle eller gå langs sørsida av Rotevatnet. Det er også gå-/sykleavstand til start frå store delar av Volda sentrum

Kart

Volda - nærturkart, Sunnmørsalpane