English

Holtafjellet (610 moh)

Gjemnes

Kort om turen

Flott og lett fjelltur kor du raskt kjem opp i høgda og blir belønna med ei fantastisk utsikt. Turmålet er ved varden på toppen av Holtafjellet. Her er det postkasse med bok.

Ruteskildring

Turen startar frå lunningsplassen like ved brua over elva frå Torvikvatnet. Følg skilt i retning Holten. Gå 1,1 km langs ein grusveg før du tek til venstre opp ein skogsveg i retning Holtafjellet. Skogsvegen held fram oppover til Holtasetra, kor han like etter går over i god sti. Hald fram vidare oppover forbi tregrensa. Somme parti kan stien vere noko utydeleg, men følgjer du retninga oppover, vil du etter kvart sjå varden på toppen.

Tilkomst og parkering

Frå Torvikbukt køyrer du FV289 oppover Torvikdalen, om lag 1,8 km frå FV666, opp til Torvikvatnet. Parkering før brua. Kjem du frå Heggem / Angvika tek du av FV665 på Øyskiftet, og følgjer FV289 i 7,3 km ned til Torvikvatnet. Parkering ved Torvikvatnet (lunningsplass like ved brua over elva frå vatnet - dette er avklart med grunneigar).
Fottur
Blå
Lengde
3,57 km en vei
Stigning
541 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
596 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5

Offentleg transport

Buss til Torvikbukt fra Batnfjordsøra. Se http://www.frammr.no

Kart

Norge-serien, Kristiansund.
Køyreskildring
Print ut