Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Holsvatnet, Rakvåg

Om turen

Gradering

Kommune

Midsund

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

2,4

Total lengde rundtur (km)

2,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Holsvatnet, Rakvåg

Kvifor gå denne turen?

Holsvatnet ligg i idylliske omgivelser øverst i Rakvågen/ Hole. Ein flott universell uforma sti er laga rundt heile vatnet. Der er laga solide bruer over bekkar og det er satt ut benker og fiskebrygger langs ved stien. Der er fine badeplassar langs med vatnet og ein flott Villmarksleir som er satt i stand av Midsund Jeger og Fiskeforening.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen følgjer du vegen vidare og ein kjem først til Villmarksleiren som Midsund Jeger og Fiskeforening har laga. Der er eit flott bålhus med benkar utanfor. Vegen går vidare fram til den delar seg og ein kan ta av og følgje Skarsvegen til venstre mens vegen rundt Holsvatnet fortset til høgre.
Der er satt ut benker, laga møteplassar, fiskeplasser og bruer langs med vatnet. Stikk UT!-posten ligg på motsatt side av vatnet. Stigen går så vidare tilbake til parkeringsplassen og langs nordsida av vatnet. Her er fine badeplassar som vert benytta på fineversdager

Turen rundt er på 2,4 km og den er universell utforma og ein kan godt kome seg rundt med rullestol eller barnevogn.

Holsvatnet har eiga Facebook side:
https://www.facebook.com/pages/Holsvatnet/354969951257113

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Skarsvegen starter ved Holsvatnet og går gjennom Trollskaret og over Heggdalssakret til Sør Heggdal. Dette er den første offentlege vegen i Midsund og sto ferdig i 1878. Denne vegen batt innsida og utsida av øya saman.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

I Rakvågen tek du av frå hovedvegen ved busslomme og ved nedlagt butikk. Der er merket med STIKK UT!-skilt ved vegen. Hald til venstre der vegen delar seg først og ta til høgre i neste kryss. Då kjem du etter kvart til parkeringsplass til Holsvatnet og Skarsvegen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved Holsvatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2,4
Lengde tur/retur (km) 2,4
Total lengde rundtur (km) 2,4

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden