English

Høystakken / Breiteigsfjella – rute 44 – frå Syvde til Høystakken / Breiteigsfjella

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein spesiell tur der ein etter å ha gått i lett og greitt terreng møter ein fantastisk utsikt mot fjord, fjell og hav når ein kjem fram til platået rett over Høystakken. 

Ruteskildring

Turen går i starten på veg som vanlegvis er snødekt om vinteren. Etterpå går turen i lett og ope terreng. Det er ingen bratte bakkar eller vanskelege parti undervegs.Alt etter om ein kan køyre den første delen av fjellvegen eller ikkje er denne turen vel 1 mil lang kvar veg. Terrenget er lett og rassikkert, og det er flott utsikt i fleire himmelretningar under heile turen. Og når ein kjem fram på platået rett over Høystakken får ein oppleve ein svært sjeldan blanding av fjellvidder, fjelltoppar, alpine formasjonar, kystlandskap og hav.

Tilkomst og parkering

Ein tek av frå riksvegen i Syvde i retning Nordal, og tek til venstre over ei bru i kryss nr 2. Rett etter brua tek ein til høgre og køyrer ca 300 m på asfalt før fjellvegen tek av til venstre. På enden av fjellvegen tek ein av til høgre oppover, og deretter går ein parallelt med Grytdalen til ein nesten er komen fram til Myrkevatnet. Deretter går ein først nordvestover og deretter meir vestover utover fjellviddene. Sjå den blå stipla lina på biletet med kartutsnitt.
Skitur
Blå Fjell
Stigning
962 m
Tidsbruk
5 t. 50 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
946 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut