English

Høgsvora

Ålesund

Kort om turen

Ein middels tur gjennom fjellbjørkeskog, vidare over lyng og grasmark og så bratt opp langs ein til tider, smal rygg. Frå toppen har du m.a.fin utsikt mot Vaksvikfjella, Ørskogfjellet, Molde og Ålesund. Ruta er for det meste snøfri frå siste halvdel av juni.

Ruteskildring

Råsa startar mellom hytta og Midtelva, eit turskilt viser retninga. Råsa går først mot nord opp langs elva til du kjem opp i Kvandalen. Kryss elva ved eit einsleg rognetre,og gå på skrå over myrane mot sørryggen av Høgsvora. Her er ikkje noko eintydig rås, men ta sikte på den største av kollane før ryggen av Høgsvora. Her finn du råsa som så går opp på ryggen og følgjer denne nordover mot toppen. Eit par plassar er ryggen smal og kan verke luftig. Toppen har grov ur og har bratte sider mot nord og aust. Postkassa med turbok til å registrere seg i, ligg i postkassa på varden. Frå toppen ser du austover egga mot Næremstindane nærast, og fjell i Tresfjord og Rauma lenger unna. Mot sørvest ser du Vaksvika, Viset og Dyrkorn som dei næraste bygdene og lenger unna Sykkylvsfjella og Sunnmørsalpane. Vidare ser du utover Storfjorden mot Hareid, Sula og Ålesund. I nord ser du Romsdalsfjorden og Molde, og i søraust Lauparen og Grytavasstinden og Skorkjene

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Etter 4 km. kjem du til Vaksvikfjellet camping og svingar til venstre før det som ein gong var Sportskapellet. Her tek vegen mot Sollisætra av. Dette er ein bomveg med avgift 50 kr. Du kan køyre sætrevegen til endes til du finn parkeringsplass i nærleiken av Vipphytta. Ved Vipphytta på Sollisetra.
Fottur
Rød
Lengde
8,29 km tur/retur
Stigning
745 m
Tidsbruk
4 t. 0 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1139 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8,2

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut