Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Skogsveien til Høgsetra har ein god utsikt til Giskemo og Gausneset.
Å registrere seg i boka er viktig!

Høgsetra

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Tur langs seterveg, skogsveg og på rås det siste stykket. Varierer mellom lett stigning og flatare parti. Høgdeskilnad: 90 – 400 m.o.h. Snøfritt midt i mai. På Høgsetra er det berre dei fine, gamle murane igjen etter sel og fjøs. Fin utsikt mot bygda og Storfjorden mot Ramstaddalen og Søvika på andre sida.
Høgsetra er eit godt utgangspunkt for å gå vidare mot Heivatnet, Amdamsetra, Gamle Lisetsetra eller Snaufjellet. Høgsetra er også ein fin mellomstasjon på ei av rutene til Giskemonibba.

Kvar i terrenget går turen?

Følg skilta seterveg opp frå Giskemosaga mot Høgsetra og ta av til venstre i første vegdele. Her går det ein skogsveg i eit flatt parti nordover. Følg skilta vidare og gå skogsvegen heilt til endes. Der vegen endar, kryssar du ei grov og held fram på ei rås oppover ein bakke. Følg råsa til du kjem inn på stølen og ser husmurane. Kasse med turbok på fjøsmur midt på stølsområdet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilt mot Høgsetra, Lisetsetra og Snaufjellet. Parkering her ved Giskemosaga.

Kvar kan du parkere?

Giskemosaga.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1
Traktorveg 2,8
God sti 0,6
Lengde tur/retur (km) 4,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 310 15
Total stigning 300 Høydemeter

Offentlig transport

Fram ekspress til Valgermo.

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet