Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Høgenipa – rute 45 – frå Landsverk i Syvde til Høgenipa

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

9

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Varden på toppen av Høgenipa vart oppattmurt hausten 2011, og det er greie sitjeplassar rundt foten av varden. Den vesle toppvarden vart teken av orkanen Dagmar romjula 2011.
Går ein den vassrette ryggen på toppen av Høgenipa mot aust kjem ein til Lisjenipa. Her er det flott utsikt mot Volda, Ørsta og Sunnmørsalpane. Ein kan og sjå ein stein med hol i, og nokre gamle steinstøtter som ingen kjenner historia til.
Frå toppen av Høgenipa har ein panormautsikt mot sør, vest og nord, og vil ein ha utsikt austover går det ein vassrett rygg austover til Lisjenipa.

Høgenipa – rute 45 – frå Landsverk i Syvde til Høgenipa

Fotograf: John Willy Klungre

Kvifor gå denne turen?

Fottur til Høgenipa som med sine 1097 m.o.h. er det tredje høgste fjellet i Vanylven. Turen er skilta og merka. Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein pyramideforma topp. Dette er også eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Dette er ein flott tur for dei som ynskjer å gå lett til toppen av eit av dei høgste fjella i Vanylven. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Flottast utsikt mot aust får ein ved å gå til austenden av den vassrette ryggen mellom Høgenipa og Lisjenipa på den andre enden av ryggen. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa. Den nordlege ruta med rutenummer 45 er den mest brukte

Kvar i terrenget går turen?

Det går bomveg frå Landsverk og opp til ei høgd av 400 meter over havet. Bompengar på kr 30 betaler ein rett etter at ein har køyrt over brua på Landsverk. Det er god plass til parkering på enden av bomvegen. Det er skilta mot Høgenipa på parkeringsplassen, og heile turen er godt merka. Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen. Det er skilta mot Høgenipa ved begge desse vegkryssa.

Kulturminne

Mange stoppar ved hytta ved ein stor stein etter omlag ein tredel av turen. Denne steinen blir kalla Trygesteinen. Det var vanleg å gøyme trugene under denne steinen når ein om våren eller seint på hausten gjekk mellom Syvde i Vanylven og Dravlaus i Dalsfjorden (Volda). Første del av turen, frå parkeringsplassen på toppen av fjellvegen og til Trygesteinen, er eit beiteområde som no er i ferd med å gro igjen på grunn av mangel på beitedyr.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6
Dårlig sti 2
Natur 1
Lengde tur/retur (km) 9
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 30
Bratteste helning ned 150 30
Total stigning 700 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven