English

Høgenibba

Volda

Kort om turen

Høgenibba er eit populært turmål i skisesongen. Men det er vel verdt å ta turen utanom skisesongen, for dette er ein fin tur også på beina! Turen er ein del av "Hornindal-rundt" og er merka med kvite merke, så det er lett å finne vegen. Variert terreng; først gjennom bjørkeskog og blåbærlyng og vidare i ope lende når ein kjem over tregrensa

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen eit lite stykke før Storesætra. Her er ein stor parkeringsplass og godt skilta, så det skal vere lett å finne starten på turen. Ruta er ein del av fjelløpet Hornindal rundt, som går av stabelen i byrjinga av juli kvart år. Den er difor godt merka med kvite merke og desse kan du følge heilt til topps. Ruta er merka i den retninga løpet går, så dersom du går motsatt veg er det ikkje like godt merka. Stien er tydeleg nesten heile vegen til topps. Nokre våte parti første delen og nokre parti med utydeleg sti mot slutten, men følg merkinga så finn du vegen. I høgde 800 m.o.h. (N62° 00.908' E6° 31.758') deler stien seg. Følg skilting til Høgenibba 1,1 km. Denne er merka med kvite merke. Frå toppen kan du velge å ta same ruta ned att, eller følge den kvitmerka ruta mot Kviven. Dersom du tek ruta mot Kviven, skal du følge denne nedover i 1,2 km til du kjem ned til skilt 880 m.o.h. (N62° 00.845' E6° 29.452'). Her skal du følge skilting mot Grendadalen, rett austover. Stien går i 850 meters høgde i 2,5 km. Den er litt utydeleg nokre plassar, men sjå etter raude merke, så finn du vegen. Du kjem til stidelet der du gjekk opp til Høgenibba og derifrå følger du stien ned att til start

Tilkomst og parkering

Frå Volda eller Stryn på E39: Ta av mot Hellesylt og Stranda (FV60) like vest for Grodås sentrum. Etter at du kryssar ei elv tek du av mot Ytrehorn og skisenter. Køyr heilt opp til skisenteret, over P-plassen og vidare grusvegen frå enden av P-plassen. Følg grusvegen, litt over 1 km, til du kjem til starten av turen. Starten er tydeleg merka med skilt og det er godt med parkeringsplass. Parkering der turen startar. Vegavgift kr. 50 (2018) Betal kontant eller til kontonummer

Fottur
Rød
Lengde
8,85 km rundtur
Stigning
797 m
Tidsbruk
4 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1193 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8,9

Offentleg transport

Nei
Køyreskildring
Print ut