Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Høgeheidarunda – (delar av turen på rute 54) – frå Kilebrekka via Høgeheida til Øverberg

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

4

Total lengde rundtur (km)

4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På veg oppover mot Høgeheida i lett terreng på fast underlag.
Flatt og lett terreng, og vidt utsyn på toppen av Høgeheida.
I olivinområdet kan ein finne mange interessante steinar. Bak ser ein sørenden av sprekkområdet.
Ruta sett frå fjellet Bjørnen. Ruta er innteikna med stipla raud line.

Høgeheidarunda – (delar av turen på rute 54) – frå Kilebrekka via Høgeheida til Øverberg

Fotograf: John Willy Klungre

Kvifor gå denne turen?

Ein lett og grei tur for turvandrarar i alle aldrar. Turen går greitt unna på ca 1,5 time ved normal gangfart. Heile turen går på sti eller veg, og det er fast underlag og lett å gå på det meste av turen. For å få med dei aller yngste kan ein lokke med at ein kan vasse i eit lite tjern, finne sjeldne steinar i eit olivinfelt og sjå på store sprekkar i fjellet i den sørligaste enden av eit sprekkområd på vestsida av Saurdalen. Frå Høgeheida har ein utsikt både mot havet og Stadthalvøya i vest, og mot dei høgste fjella i Vanylven i aust.

Kvar i terrenget går turen?

Ein kan starte turen både frå Øverberg eller frå Kilebrekka. GPS-fila som du finn lenger nede på sida har start på Kilebrekka, og i turomtalen nedanfor går ein og ut i frå start på Kilebrekka. Starten er på det aller høgste punktet på vegen mellom Saurdalen og Syltedalen og er såleis lett finne. Startpunkta både på Kilebrekka og på Øverberg er skilta.
Råsa (stien) startar på det aller høgste punktet på vegen mellom Saurdalen og Syltedalen. Starten er skilta, og ruta er merka med blå merkepunkt. Sjølv om det er motbakke den første delen av ruta er det relativt lett å gå på grunn av at mykje av stien ligg direkte på svaberg, og dermed er svært fast og lett å gå. Etter kvart som ein kjem høgre opp flatar terrenget ut og ein kjem opp i ei hei eller det som lokalt i Vanylven blir kalla heid. Litt etter det høgste punktet på råsa (stien) møter ein rute 54 og det er skilta vidare mot Øverberg. Nær skilta er det eit lite vatn som heiter Raudegrødvatnet der ein t.d. kan vasse. På veg nedover mot Øverberg kjem ein til eit område med raud olivinsand. Denne sanden er ultrabasisk, som betyr at den har svært høg pH-verdi. Denne høge pH-verdien gjer at plantar trivst svært dårleg og det er difor svært lite plantevekst i denne sanden. Lite planetvekst gjer at det er svært lett å leite etter uvanlege steinar i eit område som elles er dominert av gneis. Like ovanfor sanden i nordleg retning finn ein den sørlegaste delen av eit sprekkområde som strekker seg langs store delar av vestsida av Saurdalen. Det er fort gjort å kome seg heilt nær desse sprekkene, men ver OBS på at dette området ikkje er ufarleg. Så hald avstand til sprekkane.

Kulturminne

På Øverberg står framleis velhaldne hus frå gardsbruka der det ikkje lenger er gardsdrift. På Kilebrekka finn ein framleis både støylshus og tydelege spor etter torvskjering.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1
God sti 3
Lengde tur/retur (km) 4
Total lengde rundtur (km) 4
Stigning meter grader
Total stigning 190 Høydemeter

Mobildekning

Grei mobildekning på det meste av turen

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven