English

Vassbotnen - Høgedalen - Botnasætra

Volda

Kort om turen

Ein mini-overgangstur i eit område det ikkje ferdast mykje folk i, men som likevel er lett tilgjengeleg. Turen går delvis på sti og skogsveg, men også i terreng utan sti. Store delar av av turen går i fin furuskog. Undervegs er det eit fint utsiktspunkt der du bør ta deg tid til å stanse. På Botnasætra er det også fint å ta ein stopp.

Ruteskildring

Turen startar i austenden av Rotevatnet. Gå gjennom grinda i enden av vatnet, der bilvegen stoppar. Følg vegen vidare til du kjem til ei turtavle ved ein skogsveg. Følg skilting til Skarphornet. Gå på skogs-/kjerreveg opp til Høgedalen, ca 1,5 km. Fortsett på skogsvegen eit lite stykke etter skiltet til Homborsetsætra og ta sti opp til venstre. Det er skilta til Skarphornet. Stien er tydeleg og du følger den først i slakt terreng og etterkvart nokså bratt opp gjennom lia. Stien er merka med raude merkepinnar i trea. Når du kjem opp til eit nedfelt tre, deler stien seg. Går du til høgre, går du mot Skarphornet. Du skal svinge svakt til venstre. Det er sti eit lite stykke i starten. Når den forsvinn, følger du raude merkepinnar i trea. Nokre av trea er også merka med raude flekkar. Du kjem opp på eit utsiktspunkt. Her har du flott utsikt utover mot Volda. Ta deg tid til å nyte utsikta! Følg merkinga vidare. Du kjem snart inn på sti. Følg denne heilt ned til demninga ved vatnet like nedanfor Botnasætra. Gå over demninga og til Botnasætra. Frå Botnasætra kan du enten gå vegen ned att eller gå gamleråsa.

Tilkomst og parkering

Turen startar i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du E39 retning Stryn. I rundkjøringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda. Ta etter kvart av mot Vassbotnen og golfbane. Køyr til du kjem til parkeringsplassen ved Botnasanden. Her er det god plass til å parkere.

Fottur
Blå
Lengde
3,29 km en vei
Stigning
82 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
488 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8
Ingen sti 0,5

Offentleg transport

Det går fint å gå eller sykle til start

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut