Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Høgåsen - Hjartå

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Total lengde rundtur (km)

2,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Du finn kart undervegs
Godt skilta
Gjennom skogen
Følg skilt mot Høgåsen opp gjennom skogen
Utsikt ut Voldsfjorden
Utsikt frå toppen inn Austefjorden

Høgåsen - Hjartå

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Variert tur som passar godt som familietur. Fin utsikt på toppen og mange fine rasteplassar undervegs, og det er også ein fin gapahuk oppe på Høgåsen.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå ungdomshuset (tidlegare Hjartå skule). Ruta som er omtala her går ned gjennom skogen ved ungdomshuset, i søraustenden av grusbana (sjå etter merke). Følg tydeleg sti som etterkvart er merka mot Furneset. Den går først i granskog, etterkvart langs sjøen til du kjem til eit lite gardstun. Passer gardstunet på marka på oppsida av løda og gå inn på ein veg. Denne vegen følger du vidare opp ein bakke i ca 200 m til du kjem til skilt merka m.a. til Høgåsen. Følg stien inn i skogen og opp til Høgåsen. Like før du kjem opp til sjølve Høgåsen og utsiktspunktet, ser du skilt til Skulen. Denne merkinga skal du følge etterpå, men ta først avstikkaren opp til toppen (Høgåsen). Gå tilbake og følg skiltet "Skulen". Denne ruta er litt kortare og brattare enn den ruta du kom. Du kjem tilbake til start i vestenden av grusbana, gjennom ein port i gjerdet. Ruta er merka med raude merkepinnar.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Følg E39 frå Volda sentrum mot Stryn. Like før Hjartåbergtunnellen tek du av mot Hjartåbygda og følger Hjartåbygdvegen omlag 2 km. Like etter nokre svingar, ser du skilt "ungdomshus-skule". Ta av på den smale vegen Åsemyra (den øvste vegen) og følg denne til du kjem til nokre privathus og til ungdomshuset (tidlegare Hjartå skule). Her startar turen.

Kvar kan du parkere?

Parker ved ungdomshuset der turen startar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0,2
God sti 2,5
Total lengde rundtur (km) 2,7
Stigning meter grader
Total stigning 213 Høydemeter

Offentlig transport

Buss Volda-Stryn
frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane