Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

6,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Rast oppi lia med utsikt over Bøfjorden.
Settemsdalen i haustramme.
Flott utsikt i alle himmelretningar frå Hjelmen.
Målet er nådd: Varden på toppen av Hjelmen!

Hjelmen

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Hjelmen er eitt av dei store landemerka i Surnadal. Du kan nå toppen på 978 meter over havet frå fleire utgangspunkt, men vi har her valt Settemsdalen som startpunkt. Denne ruta har fleire fordelar: Den er ikkje så lang, og det er tydeleg og god sti heilt til varden på toppen. Stien er også merka og vil frå sommaren 2014 vera merka etter nasjonal standard. Det er også artig at det er sett opp ein del skilt undervegs som viser stadnamn, til dømes «Trollstien» og «Bjørnetrappa». Her kan ein la fantasien få vandre fritt omkring mulege årsaker til namnet…..
Turen opp til toppen av Hjelmen er ikkje så lang, men den er ganske bratt i forhold til lengda. Nokre korte parti mot toppen er ekstra bratte, så her må du om ikkje klatre, så i alle fall klive. Dei fleste må nok hjelpe til med hendene for å koma seg opp her. På grunn av dette vil nok mange kalle ein tur til Hjelmen ganske tøff. Skal ein ta familien med, kan det lønne seg å sette av ein dag. Ein som trenar jamt, kan likevel ta denne turen som ei treningsøkt ein ettermiddag.
Ein god grunn til å ta ein tur på Hjelmen, er at du på denne turen får nyte mykje flott utsikt alt før du kjem over skoggrensa. Til å begynne med er det Settemsdalen og Bøfjorden som openberar seg for vandrarane. Etter kvart ser ein alt frå hav til fjellheim. Smøla gøymer seg i disen utanfor Tustna, og fjell som Knyken, Trollhøtta og Nordviksula helsar når ein ser innover. Her er det noko å sjå uansett kvar ein vel å sette seg ned for å nyte matpakken sin.

Kvar i terrenget går turen?

Køyr til Settemsdalen. Sving inn på ein grusveg som går bortover ekrene på høgre side av vegen like før du kjem til Bøfjordkrysset (når du kjem frå Åsskardhøgda). Køyr opp ein bakke. Når vegen deler seg i to, køyrer du oppover til høgre. Parker der det er skilta «Mjølkplasshauan». Gå vidare etter skogsvegen. Den deler seg oppi bakken, og da tek du til venstre. Du kjem da straks til Almbekken, og kryssar den. Deretter er det berre å følgje stien oppover til toppen av Hjelmen. Stien er tydeleg heile vegen, og er dessutan merka med raud farge av Turistforeninga. Berre ein plass må du passe på. Det er der stien frå Settemsdalen kjem inn på Fjordruta. På tur oppover går det greitt, for da møtest dei to stiane. På nedovertur må du hugse på å ta til venstre der stien deler seg. Viss ikkje hamnar du på Haugaskaret.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Mjølkplasshauan i Settemsdalen.

Kvar endar turen?

Toppen av Hjelmen

Kvar kan du parkere?

Mjølkplasshauan

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1
God sti 5,4
Lengde tur/retur (km) 6,4
Stigning meter grader
Total stigning 800 Høydemeter

Offentlig transport

Du kan koma deg til Settemsdalen med buss. Derifrå kan du gå fram til startpunktet.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

• Ta omsyn til dyr på beite. Køyr sakte om dei oppheld seg ved vegen, og lukk grinder og andre stengsler etter deg!

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)