English

Hillehornet/steinen

Herøy

Kort om turen

Hillesteinen ligg over Nykrem med god utsikt over Leikongbygda. Du ser også innover fjorden mot Sunnmørsalpane. Gurskøy IL har trimpost på Hillesteinen.

Ruteskildring

Frå fv 61 går du opp ein smal veg til Moldtugarden. Råsa startar då ved løa som står ved enden av vegen og går først midt over dyrkamarka og opp til skogkanten. Når du kjem opp til skogen fylgjer råsa ein gamal kløvveg som går opp gjennom skogen og etter kvart bortover myrane. Her skal du ta av frå vegen og gå mot aust (til høgre). Råsa går då austover og forbi toppen av Hillehornet og fram på kanten til Hillesteinen der det er beste utsikta over Leikongbygda. Dersom ein ønsker ein rundtur, kan ein gå tilbake ca 150 m og ta til høgre i råsdelet og følge merka rås mot Nakken og ned mot Djupvika. Derifrå er det 600 m langs fv 61 før ein kjem til gang og sykkelveg. Derfra er det 1 km til parkeringa. Heile rundturen er 4,7 km. Sjå også turen Rjåhornet via Nakken.

Tilkomst og parkering

Fv 61 ved Leikanger kyrkjelydshus på Leikong. 

Parkering på oversida av kyrkjelydshuset, merka med turparkering, 2-3 plassar. Er her fullt bruk parkering ved kyrkja. Parker ikkje nedanfor kyrkjelydshuset eller på bubilparkeringa.

Fottur
Grønn
Lengde
1,2 km en vei
Stigning
182 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
176 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 2,2

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut