Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Hildrehesten frå Brattvåg

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

11

Lengde en vei (km)

5,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Hildrehesten frå Brattvåg

Kvifor gå denne turen?

Flott utsikt frå toppen til Nordøyane og skipsleia i tillegg til godt utsyn til Hildre, Alvestad, Brattvåg og Hellandshamn. Flott tur å gå langs ryggen på Hildrehesten vidare mot Grytastranda/Gjerset med eventuell retur gjennom Gjersetdalen og vidare langs Synnalandsvatnet tilbake til utgangspunktet.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå demninga i nordenden av Synnalandsvatnet i Brattvåg. Bratt bakke opp forbi vassverket før det flater ut og følger strandlinja til Hestevatnet. I vestkanten av Hestevatnet forlet stien strandlinja og ein følger stien over myrane opp til Lisje Hestevatnet som ligg ved foten av Grønebakken opp til Hildrehesten. Følg sti opp Grønebakken (bratt parti). På toppen av Grønebakken dreier stien mot venstre og held fram i litt slakkare tereng mot toppen som ligg på 740 moh. Godt råd å ha hund i band på grunn av at det er svært bratt på austsida av toppen (mot Brattvåg/Hellandshorn)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Brattvåg sentrum kjører ein opp til byggefeltet Fjellbu. Parker ved demninga i nordenden av Synnalandsvatnet.

Kvar endar turen?

Toppen av Hildrehesten

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved demning i nordenden av Synnalandsvatnet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3
Dårlig sti 4
Natur 4
Lengde tur/retur (km) 11
Lengde en vei (km) 5,5
Stigning meter grader
Total stigning 650 Høydemeter