Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå vegen mot Hestvika ser du mot Osberget og byggefelta nord for sentrum.
Om du går ned på berga i Hestvika, får du fin utsikt mot Sjøholt og Ørskogkyrkja.

Hestvika

Kvifor gå denne turen?

Ein lett tur for både små og store i eit lett tilgjengeleg turområde. Du kjem vekk frå trafikken i sentrum og kan nyte den fine utsikta til Ørskogvika og Ørskogbygda. Sola skin til langt på kveld om sommaren.
Du kan få fine naturopplevingar både med blomar og tre, fuglar, ikorn og andre dyr. Til og med grevling har vore observert! Populær stad til bærplukking. På berga nede ved sjøen kan det vere fint å prøve fiskelukka.
Vegen som fører til Hestvika er bygd i samband med tømmerhogst i dette området. Du kan ha med barnevogn på denne turen.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringa sør for fotballbana startar turen mot syd, forbi Sjøholt Camping og vidare vestover langs Ørskogvika. God skogsveg fører fram mot dette turmålet, - siste stykket er det god og tilrettelagt sti ned mot svaberga og Stikk UT-posten. Terrenget er stort sett flatt men med nokre slakke bakkar. Vegstandarden gjer det lett framkomeleg både med barnevogn og sykkel. Du kan også møte bilar, men bom over vegen avgrensar biltrafikken.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå sentrum følgjer du skilting til Sjøholt Camping, forbi Ørskog kyrkje og Ørskog prestegard. Før Sjøholt skule svingar du først til høgre og så til venstre i retning Ørskoghallen og Ørskog stadion.

Kvar endar turen?

Dersom målet for turen er StikkUT-posten i Hestvika, tek du av frå skogsbilvegen etter 1,4 km. Etter 100 m på sti finn du postkassa på ein furulegg. Sjølve skogsvegen endar på ein stor lunneplass der det er utplassert ein kvilebenk.

Kvar kan du parkere?

Du kan parkere ved fotballbana.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Traktorveg 2,2
God sti 0,2
Lengde tur/retur (km) 3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 250 10
Bratteste helning ned 150 12
Total stigning 40 Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspress til og frå Sjøholt sentrum.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Her er vanlegvis snøfritt frå april månad. I gamle dagar gjekk ein kyrkjeveg opp gjennom åssida her og over til Gausnesgarden.

Kart

Ørskogfjellet