Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3

Lengde en vei (km)

1,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse
Foto: Hilde Ellingsæter

Hestevatnet

Fotograf: Hilde Ellingsæter

Kvifor gå denne turen?

Hestevatnet ligg 228 moh. og er ein fin tur for både store og små. Hestevatnet er drikkevaskjelda til store delar av Haram og Sandøy Kommune. Etter stigninga opp til vatnet ligg terrenget ope og flatt og namnet kjem truleg av at vatnet ligg rett nedanfor Hildrehesten.

Kvar i terrenget går turen?

Ein starter turen ved å gå over demninga ved Synnalandsvatnet. Ein følger grusvegen opp til reinseanlegget til Brattvåg Vassverk der vegen etter kvar deler seg i to. Den kortaste vegen til Hestevatnet er å følgje den bratte fjellvegen rett fram, men du kjem også fram med å følgje grusvegen mot høgre og deretter mot venstre. Når du kjem til vasshuset går vegen over til ei godt trakka rås på gras og lyngmark fram til Hestevatnet. Vått enkelte plassar.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Du startar på parkeringsplassen ved Synnalandsvatnet. For å komme deg hit kjører du forbi idrettsanlegget i Brattvåg og opp i eit byggefelt som heiter Synnalandsdalen (Dalen). Her tek du til høgre i første krysset og følgjer vegen 200 meter før du kjem til parkeringsplassen.

Kvar endar turen?

Ein kan fortsette vidare ifrå sluttstaden/postkassa til Litle Hestevatnet, Eggene, Hesten, Synnalandshornet, Sætrevatnet eller Ryssdalen.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplassen ved demninga på Synnalandsvatnet. Ingen avgift

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5
Stigning meter grader
Total stigning 228 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til sentrum av Brattvåg, men ikkje til starten på turmålet.

Mobildekning

God