English

Hellevatnet

Volda

Kort om turen

Frå Volda sentrum ferge til Lauvstad, gå eller køyr fv 652 til Ulvestad skule, ta deretter bygdevegen til skilt Ulvestadsætra og følg denne vegen til p-plass ved sætra.

Ruteskildring

Frå Volda sentrum ferge til Lauvstad, gå eller køyr fv 652 til Ulvestad skule, ta deretter bygdevegen til skilt Ulvestadsætra og følg denne vegen til p-plass ved sætra. På sti vestover og forbi trimpost på morenerygg mot vatnet Hellevatnet ligg ved foten av snøbreane under fjellet Kjerringa, - fremst i Ulvestaddalen. Det er mogeleg å køyre med bil nesten fram til seterstølen, men går ein heilt nede frå bygda, er det ein bonus for meir trim for kroppen. Dette er ein lett tur som passar til heile familiar. Ved Hellevatnet stod tidligare ei hytte, - som vart teken av snøfonna på 1960 – talet. Det er fortalt at her var det eit lite elektrisitetsverk ved utløpet av vatnet, som skaffa straum til hytta, og under krigen var her straum til å bruke radio, for å lytte på London. Hellevatnet er ein fin plass for rastepause, og har god utsikt over eit stort område. Plassen er også eit fint utgangspunkt til vidare tur, som for eksempel til; Varane, Feirdalsbrua/vatnet Feirdalen, Skåravarnet, eller tek turen til toppen på fjellet Kjerringa Hellevatnet

Tilkomst og parkering

Ulvestadætra
Fottur
Blå
Stigning
4 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Høyeste punkt
657 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,3

Kart

Sunnmørsalpane vest og Turkart Vanylven

Lenke til turskildring

Hellevatnet
Køyreskildring
Print ut