Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Helgehornsvatnet, rute 78

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Helgehornsvatnet sett frå Sunndalsida av vatnet.
Her ser det nesten ut som Vårherre har brukt limskrape på olivinfjellet.
”Eureka”-vatnet. Helgehornsvatnet bak til høgre. Ruta mot Helgehornet går opp mot høgre bak Helgehornsvatnet.
Fjellet ved Helgehornsvatnet viser seg i mange fargar og formasjonar.

Helgehornsvatnet, rute 78

Fotograf: Steinar Slagnes og Odd Westerås

Kvifor gå denne turen?

Ein tur til Helgehornsvatnet

Helgehornsvatnet er eit lite fjellvatn som ligg mellom Almklovdalen og Sunndalen.
Vatnet er langstrakt og ligg 333 meter over havet. Namnet har vatnet fått av fjellet Helgehornet (514 moh) som ligg nokre hundre meter nord for vatnet.

Lettaste vegen opp til vatnet går frå Sunndalen, der ein kan følgje traktorvegen som går austover opp forbi Grupsehaugen. Frå Grupsehaugen har ein fin utsikt over Grupsevatnet og gardane kring vatnet. . Alternativ adkomst er frå Hellebust, der ein også har fin traktorveg nesten fram til vatnet.

Dei som trur at Helgehornsvatnet berre er et vanleg lite fjellvatn burde ta turen opp til dette fjellområdet. Helgehornsvatnet utmerkjer seg med den spesielle geologien som ein finn rundt vatnet. Då dei tyske geologiprofessorane kartla olivinforkomsten i Sunndalen/Almklovdalen på slutten av 1800-talet, vart dei særleg begeistra for Helgehornsområdet. Grunnen til dette er den vakre granatpridotitten som ligg i austenden av vatnet, og som i dag er naturvernområde.
Den vesle forekomsten av granatperidotitt har vore besøkt av utallige geologar. Årsaka til dette er at denne spesielle forekomsten har vore viktig i utvikling av teoriane rundt danninga av djupbergartane eklogitt,olivin,granatperidotitt. Dette har så gitt betre kunnskap om danninga av jordskorpa.
Granatperidotitten ved Helgehornsvatnet har ein flott pyroksen som heiter omfasitt, og som er irrgrøn på farge. Så har steinen også ein skarpt raudfarga granat som heiter pyrop. Dette ber ein magnesiumholdig granatvariant. Fyllstoffet (matrixen) mellom dei to minerala er olivin som er litt oksidert, og dermed har okerfarge.

I lav kveldssol, ser ein betre mønstera og foldingane som fjellet har her oppe. Ein kollega på Sibelco fortalde at han var med ein tysk geologiprofessor opp til Helgehornsvatnet ein sommar, og denne professoren vart så oppøst over det han fekk sjå at han kasta alle kleda og kasta seg naken ut i vatnet. Han måtte vere i nærkontakt med dette skaparverket. Her ved vatnet såg han urformasjonane som ein i dag veit er bortimot 3 milliardar år gamle.

På sørsida av Helgehornsvatnet, ligg eit lite tjern som også er eit flott fotomotiv. Det vert sagt at sjølvaste Goldschmidt her ropte ut eit ”Eureka” fordi han her byrja å forstå danninga av heile olivinforekomsten. Dette tjernet blir derfor lokalt kalla ”Eureka”-vatnet.

Ved parkeringa i Sundalen finn ein Peridotplassen der ein kan leite etter og plukke eigne edelsteinar av peridot. Peridot er krystallisert rein olivin, danna under enormt trykk i nærleiken av mantelen i jordas indre. Sidan har olivinen vorte pressa opp til overflata. Ein kan finne flotte eksemplar av denne edelsteinen på Peridotplassen.
På Norsk Olivinsenter på Åheim kan ein også sjå flotte Peridot-krystallar.
http://norskolivinsenter.no
http://www.visitalesund-geiranger.com/no/AKTIVITETER/familie/?TLp=399220
Ved odden nordaust ved vatnet er det ein fin bålplass. Det er også fisk i vatnet.

Denne turen kan gjerne kombinerast med ein tur opp til Helgehornet. Der har ein flott utsikt over Helgehornsvatnet og området rundt. Sjå beskrivelse av denne turen på morotur.
Helgehornet - Turer - Morotur - Møre og Romsdal fylkeskommune

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen går ein sørover på asfalt mot Grubsevatnet. Etter 200 meter tar ein av til venstre og går opp grusvegen utenfor gjerdet langs olivinbruddet (Grubsebruddet). Rett etter at ein tar av til venstre er det skilta mot Helgehornet og Helgehornsvatnet. Ved enden av bruddet følger ein traktorvegen som går vidare opp mot Helgehornsvatnet. Når ein kjem opp i skaret openbarer Helgehornsvatnet seg. Ein fortset vidare på traktorvegen på venstre side av vatnet (på nordsida). Traktorvegen fortset til ei hytte ca. 250 m frå skaret der ein kjem opp til vatnet. Deretter går resten av turen rundt vatnet på dårlig sti eller natur. Aust for vatnet, der ryggen som går sørvestover langs vatnet startar, finn ein den vakre granatperidotitten. Denne ryggen som går langs austenden av vatnet er fylt med geologiske godbitar. Men ein må være forsiktig og ikkje gå for langt ut mot kanten da det kan være bratt ned mot vatnet. Etter å ha passert elveutløpet ved vika søraust på vatnet går ein opp mot eit lite vatn som lokalt blir kalla Eureka-vatnet. Ein går vidare på venstre side (sørsida) av dette vatnet og fortset til ein kjem inn att på traktorvegen og går same veg ned som ein kom opp. Alternativt kan ein ta av mot høgre og gå opp til Helgehornet på merka sti før ein går ned att til parkeringa.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her fortset ein rett fram. Det er skilta mot Sunndalen og Helgehornsvatnet. Etter nye 2,2 km, rett etter at ein har kome opp Raudekleiva, er ein ved parkeringsplassen i Sunndalen. Ved parkeringa er det skilta mot Helgehornsvatnet.

Kvar kan du parkere?

Gratis og god parkeringsplass ved rutestart i Sunndalen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Fast grus 1,1
Traktorveg 2,0
Dårlig sti 0,5
Natur 1,5
Lengde tur/retur (km) 5,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 20
Bratteste helning ned 30 30
Total stigning 260 Høydemeter

Mobildekning

Delvis. Bra dekning opp til vatnet. Særlig nord for vatnet er det tvilsom dekning.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven