Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Helgehornet - frå Hovdevatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Volda
Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Volda
Her møter stien hovudstien
Utsikt mot Ytre Søre Sunnmøre
Utsikt mot Ørsta

Helgehornet - frå Hovdevatnet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Helgehornet ligg i Volda kommune, men undervegs er du innom Ørsta kommune. Dette er eit mykje nytta turmål. Både fordi det er ein tur som passar for dei fleste, og på grunn av det flotte og vide utsynet du har på det meste av turen, og ikkje minst på toppen. Det er lett å kjenne igjen Helgehornet fordi den har ei høg mast på toppen.
Dei fleste startar turen frå skytebana i Sollidalen. Denne turomtalen har start ved Hovdevatnet. Her er stien litt tørrare.

Kvar i terrenget går turen?

Gå skogsvegen oppover til endes. Du passerer eit skilt mot Helgehornet, gå forbi dette. I enden av skogsvegen startar ein tydeleg sti. Etterkvart kjem du inn på stien som dei fleste nyttar, den som kjem frå skytebana i Sollidalen. Det er lett å finne vegen vidare mot toppen. Den er oppe ved masta.
På returen kan du velje ei litt anna rute og kome ned att til skiltet mot Helgehornet som du passerte på veg opp. Når du kjem til stimøtet der du kom inn på hovudstien på veg opp, følger du hovedstien nedover til du kjem til ei lita myr, akkurat der det flatar litt ut. Rett etter denne, tek du ein sti som går til venstre.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda: Køyr E39 mot Ørsta. I rundkøyringa ved Furene tek du av mot Ulsteinvik på RV653. Køyr gjennom første tunnelen (Morkaåstunnelen). Like før tunnel nr.2, Helgehorntunnelen, tek du av mot Hovdebygda. Ta så av første veg mot venstre. Her er skilta mot Helgehornet. Dette er ein god skogsveg. Du kan køyre ganske langt oppover her, alt etter kor lang du vil gjere turen. I denne turomtalen startar vi ved ei ferist omlag midtvegs.

Kvar kan du parkere?

Parkering er mulig fleire stader langs skogsvegen. Du kan også parkere nede ved hovudvegen der du tek av frå RV653. Då går du heile skogsvegen til fots og får ein litt lenger tur

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1
God sti 3,3
Lengde tur/retur (km) 4,3
Stigning meter grader
Total stigning 425 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Volda/Ørsta og Ulsteinvik.
http://www.frammr.no