English

Helgehornet

Vanylven

Kort om turen

Helgehornet ligg i eit geologisk svært interessant område. Olivinforekomstane omringar nærmast Helgehornet. Ved parkeringa i Sundalen finn ein Peridotplassen der ein kan leite etter og plukke eigne edelsteinar av peridot. Peridot er krystallisert rein olivin, danna under enormt trykk i nærheita av mantelen i jordas indre. Sidan har olivinen vorte pressa opp til overflata. Ein kan finne flotte eksemplar av denne edelsteinen på Peridotplassen. Peridotplassen var ein del av Vanylvsturen som kom i stand i 2009. http://www.vanylven.kommune.no/getfile.aspx/document/epcx_id/561/epdd_id/799 http://www.vanylven.kommune.no/modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1394&Category.ID=973 På Norsk Olivinsenter på Åheim kan ein også sjå flotte Peridot-krystallar. http://norskolivinsenter.no http://www.visitalesund-geiranger.com/no/AKTIVITETER/familie/?TLp=399220 Turen opp på Helgehornet er ein lett tur. Frå toppen har ein god utsikt til alle kantar. Særlig utmerkjer utsikta mot Helgehornsvatnet seg. Denne turen kan gjerne kombinerast med ein tur rundt Helgehornsvatnet som utmerkjer seg med den spesielle geologien som ein finn rundt vatnet. I austenden av vatnet finn ein den vakre granatperidotitten. Dette området er i dag naturvernområde.Vanylven kommune - Ein tur til Helgehornsvatnet

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går ein sørover på asfalt mot Grubsevatnet. Etter 200 meter tar ein av til venstre og går opp grusvegen utenfor gjerdet langs olivinbruddet (Grubsebruddet). Rett etter at ein tar av til venstre er det skilta mot Helgehornet og Helgehornsvatnet. Ved enden av bruddet følger ein traktorvegen som går vidare opp mot Helgehornsvatnet. Like før ein kjem opp skaret og ser Helgehornsvatnet tek ein til venstre. Ein ser første merkepinne der ein skal ta av. Rett etter at ein har tatt av frå traktorvegen openbarer Helgehornsvatnet seg. Ein fortset vidare på merka rute inn i skogen. Etter 5-10 minutt er ein ute av skogen og kan nyte utsikta. Vidare er det godt merka oppover mot Helgehornet og lett å finne fram. Frå toppen har ein god utsikt til alle kantar. Området rundt Helgehornsvatnet er eit heilt spesielt syn. Retur same veg.

Tilkomst og parkering

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her fortset ein rett fram. Det er skilta mot Sunndalen og Helgehornsvatnet. Etter nye 2,2 km, rett etter at ein har kome opp Raudekleiva, er ein ved parkeringsplassen i Sunndalen. Ved parkeringa er det også skilta mot Helgehornsvatnet. Gratis og god parkeringsplass ved rutestart i Sunndalen.
Fottur
Blå
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 5 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Sti 1,4

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut