English

Heisætra frå Gudbrandsjuvet

Fjord

Kort om turen

Turen går først på skogsveg opp til Alstadsetra og deretter på god sti gjennom bjørkeskog opp til Heisætra.

Ruteskildring

Følg vegen mot campingplassen, forbi kafebygget. Ta til høgre i første kryss, etter at du har passert campinghyttene, sjå skilt. Følg deretter grusvegen tett forbi eit bustadhus, gjennom to grinder og videre oppover gjennom skogen til den sluttar like før Alstadsetra. Her går det dyr på beite, så lat att grindene etter deg!

Hald fram på sti langs elva, kryss bru og ta til venstre bort til setra. Stien går vidare oppover like til høgre for den øvste hytta. Tydeleg sti som går først slakt oppover, deretter gradvis brattare der den kryssar oppover bjørkeskogen mellom Heimsteelva og Fremsteelva. Like før setra tek ein sti av til venstre innover og oppover mot fremste Heivatnet. Her kjem du inn i Reinheimen Nasjonalpark. Heisætra ligg ytterst på kanten av Middagsbotnen. Her er det ei hytte.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Gudbrandsjuvet.
Fottur
Blå
Lengde
2,7 km en vei
Stigning
490 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Høyeste punkt
689 moh

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut