Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stranda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

4,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Turen til Heimarhaugane startar på skogsvegen og er skilta mot Dregetua.
Nesten framme, her er god skilting i alle kryss langs råsa.
Utsikt mot Norddalsfjorden, Gravaneset og Liabygda på andre sida av fjorden.
Utsikt mot Strandafjellet skisenter, Langedalsegga til venstre, Roaldshornet til høgre.
Utsikt ut Storfjorden.
Sætra på Heimarhaugane

Heimarhaugane

Kvifor gå denne turen?

Heimarhaugane var sommarsætra for gardane på Kjølås og Giskehaug. Sela som står på Heimarhaugane vert no brukte som hytter. På Heimarhaugane har du god utsikt ut Storfjorden og inn Norddalsfjorden. Du ser også opp til skianlegget i Hevsdalen. Denne turen er ein fin rundtur der du går det meste av turen opp på skogsvegar (ca 1,6 km ) og turen ned på fin skogsrås.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen ved sagbruket går du skogsvegen ca 300 m (gå forbi krysset som er etter ca 100 m , her kjem du ned igjen dersom du går rundturen.) Ta til venstre og gå vegen til endes. (ca 1,6 km frå start) Frå enden av skogsvegen går råsa mot sør beint på Heimarhaugane. Der er skilta mot Dregetua i alle kryss. På returen frå Heimarhaugane går du råsa tilbake ca 700 m og tek til høgre skilta mot Kjølås, råsa går då nedover i skogen og kjem inn på ein skogsveg som kjem inn på skogsvegen du starta på.

Kulturminne

Dei gamle sela på Heimarhaugane var sommarsæter for gardane på Kjølås og Giskehaug.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå ferjekaia i Stranda sentrum: køyr fv 60 ca 700 m, ta til venstre på fv 83 Bygdavegen skilta mot Opshaugvik, køyr ca 800 m og ta til høgre opp ein bratt bakke på Lundevegen og køyr ca 200 m og ta til venstre og køyr ca 300 m og ta til høgre på Kjølåsvegen og køyr ca 250 m og ta til høgre mot Skaugum og køyr til vegs ende ( ca 500 m) og parker på parkeringsplass før eit sagbruk.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass før sagbruket.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2,1
God sti 2,4
Total lengde rundtur (km) 4,5
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 30 20
Bratteste helning ned 60 25
Total stigning 350 Høydemeter

Kart

M711 1219 I, norgeskart.no