English

Heggurdalen

Fjord

Kort om turen

Fin familietur i flott natur med god utsikt. Frå Hegguraksla, som er turens høgste punkt med stor varde, er det utsyn til Tafjord, Fjørå, Eidsdal, Linge og Stranda. På andre sida av fjorden ser ein fråflytta fjordgardar, og i lia nedafor råsa ligg anlegga som overvakar rasfaren i Heggura. Ver merksam på nokre luftige punkt langs råsa.

Ruteskildring

Køyr til Fjørå (mot Tafjord) og følg skilta veg til Selboskar. Når du kjem til Selboskar deler vegen seg. Kjør til høgre. Etter ca 250 meter kjem du til merka parkeringsplass på nedsida av vegen på Hauge (400 moh.).

Frå parkeringsplass går du på asfaltveg ca 300 meter til du kjem til sæterveg på venstre side, skilta til Nysætra. Følg setervegen (grusveg) oppover til rasteplassen på Nysætra (ca 680 moh).

Vidare går du på merka rås skilta Heggurdalen. Råsa går i slakt terreng innover langs fjorden, med ei stigning mot Hegguraksla, 1000 moh. Derifrå går råsa i kupert og delvis luftig terreng innover og litt nedover til Heggurdalstølen. Ver merksam på eit par luftige punkt langs råsa her. La ikkje born gå åleine dette strekket.

På Heggurdalstølen (850 moh.) er det tre sel med fjøs under. Det vart sætra i Heggurdalen fram til 1946. Går du til høgre frå sela ca 200 m (mot vest) kjem du til ein fin utsiktsplass (Flåna).

Tilkomst og parkering

Køyr frå Valldal gjennom tunnellen til Fjørå (mot Tafjord), følg skilta veg til Selboskar. Ta av til høgre til merka parkeringsplass 250 meter. Parkeringsplass Hauge, fri parkering
Fottur
Rød
Lengde
5 km en vei
Stigning
626 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.
Høyeste punkt
1031 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 2,6

Offentleg transport

Nei

Anna

På andre sida av fjorden ser ein dei fråflytta gardane Korsneset, Kaste, Osvika og Kvernhusneset. Når ein går innover frå Hegguraksla kan ein sjå anlegga med helikopterlandingsplassar som overvakar rasfaren i Heggura, i lia langt nedanfor råsa.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000
Køyreskildring
Print ut