English

Heggdalvatnet på ski

Molde

Kort om turen

Turen til Heggdalsvatnet er overkomelg for dei aller fleste og det er jamn stigning opp til vatnet. Dalen ligg lun og skjerma til og er den mest snøsikre plassen på Otrøya.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen ved kapellet og går i jamn stigning oppover dalen. Etter ein passerer den første brua etter ein liten kilometer kjem ein til eit vegskilje. Her kan ein anten ta til høgre og følgje traktorvegen mot vatnet eller ein kan gå rett fram forbi Stølen og mot Botnen på veg til Heggdalsvatnet. Ein skitur til Stølen er ein veldig fin og overkomeleg tur for dei aller minste.

Når ein kjem opp til vatnet vil ein finne postkassa like ved bålhuset. Då kan ein velje om ein vil ta den andre vegen ned igjen eller følgje det same sporet som ein gjekk opp.

I frå Heggdalvatnet kan dei som har fjellski nå mange fin fjelltoppar som Heggdalshornet, Opstadhornet, Foksåta, Grøtet eller Myrsethornet. Turen til Myrsethornet er skilta i frå traktorvegen.

Tilkomst og parkering

Parkeringsplass ved kapellet på Nord-Heggdal.

Skitur
Rød Fjell
Lengde
3,2 km en vei
Stigning
228 m
Tidsbruk
2 timer
Sesong
Vinter
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Køyreskildring
Print ut