English

Heggdalshornet

Molde

Kort om turen

NB! Før 15.mai må en gå på ski deler av turen. Heggdalshornet er med på å danne det som vert kalla "gapet" når ein ser vestover frå Molde. Frå toppen er det fin utsikt innover til Molde og fjordane rundt.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen ved kapellet. Følg tursti som leder mot traktorveg/turveg og vidare oppover dalen. Det er drøyt 3 km til Heggdalsvatnet. Du ser toppen av Heggdalshornet heile vegen. Frå Heggdalsvatnet følgjer du felles sti mot Opstadhornet og Heggdalshornet. Etter ca 400 meter står der eit skilt mot Heggdalshornet. Herfrå og opp til skaret mellom Opstadhornet og Heggdalshornet er stien svært utydeleg. Den er merka, men den kan være vanskeleg å følgje. GPS-sporet som er lagt inn følgjer nogenlunde denne stien. Det er veldig bratt rett under dette skaret så det kan være lurt å ta mest mogeleg høgde når du går mot skaret mellom fjelltoppane. Fortvil ikkje om du mistar stien. Med god sikt, ser du stort sett heile tida kor du skal gå. Frå toppen får du ein fantastisk utsikt innover mot Molde og fjordane i rundt. Du står nå 684 moh. Følg same rute ned igjen.

Tilkomst og parkering

Det er parkeringsplass ved Kapellet på Nord-Heggdal. Den skal vere godt merka i frå hovedvegen. Parkeringsplass ved kapellet, Nord-Heggdal.

Fottur
Rød
Lengde
5,87 km en vei
Stigning
670 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
657 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Anna

Det er fleire vegar til toppen av Heggdalshornet. Ein kan mellom anna gå dit frå Opstadhornet (sjå eigen omtale).

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Køyreskildring
Print ut