Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Nystøylhornet, Nupatinden og Kvamsøya sett frå Haugshornet
På veg til Haugshornet, utsikt mot Gurskefjorden
Pause på Dalen
På toppen, utsikt mot Gjerdsvika, Hidsegga og Skorpa

Haugshornet

Kvifor gå denne turen?

Haugshornet ligg mellom Haugsbygda og Gjerdsvika med utsikt over Gjerdsvika og ein del av fjella i Sande. På tur til Haugshornet får du gått deler av den gamle kløvvegen som gikk mellom Haugsbygda og Gjerdsvika. Du passerar også restar av gamle vårfjøsmurar og torvhusmurar på Dalen. Gursken IL har trimpost på Haugshornet.

Kvar i terrenget går turen?

Start i Haugelia byggefelt. Råsa byrjar på enden av den øverste vegen, gå mot nordvest, der er 2 grinder i gjerdet, gå forbi den første, råsa går gjennom grind nr 2. Råsa går først gjennom skogen, kan vere litt vått her, oppom skogen kjem du oppå Dalen med restar etter gamle vårfjøs og torvhusmurar. Derifrå følger råsa den gamle kløvvegen som er oppmura oppigjennom fjellsida. Når du kjem opp til høgspentlinja går råsa etter ryggen opp til toppen.

Kulturminne

Kløvvegen mellom Haugsbygda og Gjerdsvika, torvhusmurar og vårfjøsmurar på Dalen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Haugelia i Haugsbygda. Ta av frå fv 61 i Gursken skilta mot Haugsbygda, køyr 4 km, ta til høgre skilta Vonheim, køyr 1 km, ta til høgre etter gamal skulebygning og køyr heilt til topps i Haugelia.

Kvar kan du parkere?

Haugelia

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3,2
Lengde tur/retur (km) 3,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 250 18
Bratteste helning ned 250 18
Total stigning 400 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no