Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt nordover mot Trolltinden og Ystetinden
Ei informasjonstavle fortel om Måslia naturreservat
Halvvegs til Haugsetra tek Postvegen av sørover
Frå Haugsetra med utsikt søraustover mot Høgsvora

Haugsetra

Fotograf: Hilde Sørdal og Christer Lundberg Nes

Kvifor gå denne turen?

Haugsetra er ein hyggeleg tur. Turen går gjennom fin bjørkeskog inn til setra. Innimellom opnar skogen seg og du har flott utsikt bl.a. mot Giskemonibba i sør. På høgre sida av vegen ser du etter kvart skilt til Postvegen og den rette gata postvegen lagar ned mot Kvanndalsvegen. Inne på Haugsetra blir landskapet opnare. Her er det både nye hytter og gamle sel. Frå Haugsetra går vegen over i ein god sti som fører vidare inn på ein liten haug like før Røde Kors hytta. Her står det eit skilt om Måslia naturreservat som er oppretta for å verne denne myra.
Ved skiltet om naturreservatet har du fantastisk utsikt frå Giskemonibba i sør til Snaufjellet, Koldafjellet, Geitnibba, Høgsvora, Næremstindane, Sprovstind og Sandfjellet.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved busshaldeplassen like ved Fjellstova, evt. parker ved Fjellstova. Du går langs skilta grusveg frå Europavegen. Vegen går gjennom hyttefeltet like forbi Herdhytta og vidare innover.
Haugsetra er eit godt utgangspunkt for skiturar både mot Jutevatnet og over til Vaksvika.
Frå parkeringa er det også skilta tursti til Nyseternakken.

Kulturminne

"Den Trondhjemske Postvei" kom i gang i 1786. Den fulgte delvis den gamle postruta mellom Bergen og Trondheim. Vegen over Ørskogfjellet vart utstukken i 1787 og arbeidet påbegynt same året. Den første vegen gjekk over Haugsetra, men vegen vart omlagt til nordsida av Nyseternakken i 1847. Det er vegtraséen frå 1786 som i dag blir nemnt som "Postvegen".

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Følg E 39 til Fjellstova på Ørskogfjellet der turen startar.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass like ved busshaldeplassen ved Fjellstova, evt. parker ved Fjellstova. Fjellstova tek parkeringsavgift om vinteren.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2,2
God sti 0,8
Lengde tur/retur (km) 3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 8
Total stigning 130 Høydemeter

Offentlig transport

Ja. Fram ekspressen går forbi kvar time.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Måslia naturreservat vart oppretta i 1996. Formålet med vernet er å ta vare på eit sjeldan stort myrområde med verdi som eit nasjonalt typeområde. Det er på 9 km2 og omfattar delar av kommunane Ørskog og Vestnes.

Kart

Ørskogfjellet