English

Hasundhornet

Ulstein

Kort om turen

Hasundhornet er ein av dei mest besøkte fjelltoppane i Ulstein. God utsikt over Ulsteinvik, Dimna, ut mot havet og øyane i Herøy, mot Hareid og mot Sunnmørsalpane. På toppen står ei sikteskive (gåve frå Ulstein Rotaryklubb) med navn og høgde på fjelltoppane du ser frå Hasundhornet. Der er også trimpost på toppen.

Ruteskildring

Hasundhornet har tilkomst frå fleire plassar, vi har valgt den enklaste. Frå parkeringsplassen går råsa opp til hyttene og forbi på sørsida av desse. Herfra går råsa beint opp til toppen. Frå toppen går der også rås mot Flåna og Garnestua. I tillegg fins det også ei rås mot nordaust som går ca 1km mot topp merka 459 på kartet. Derifrå kan ein gå søraustover ned på vegen. Du kjem då ned ca 150 m nordafor der du parkerte. Du kan med andre ord få ein fin rundtur på ca 3,5 km og 270 hm. Frå topp 459 går der også rås nordaustover ned til Fjellsbrekkane.

Tilkomst og parkering

Frå Hareid fv 61 mot Ulsteinvik, ta av til venstre ca 500m før toppen på Hareidseidet og køyr gamlevegen ca 450m og ta til venstre og køyr vegen opp Fjellsbrekkane ca 2,9 km då er der ein liten parkeringsplass på venstre side av vegen. Der er også ein parkeringsplass 150m før. Frå Ulsteinvik fv 61 mot Hareid, ta av til høgre ca 100m etter krysset på Varleite og køyr gamlevegen ca 900m og ta til høgre og køyr vegen opp Fjellsbrekkane. (sjå beskrivelse ovanfor) Parkeringsplass der råsa startar. (plass til 5 bilar) Der er også parkeringsplass 150 m mot nord.
Fottur
Grønn
Lengde
2,8 km tur/retur
Stigning
200 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8

Anna

Då dette er ei mykje brukt rås som går over myr vert der svært vått ved nedbør.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I, sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut