English

Harøyburet

Ålesund

Kort om turen

Turen er lett tilgjengeleg med grusveg og gruslagt sti.

Harøyburet er med sine 156 meter over havet Sandøy kommune sin høgaste topp, og herifrå får ein ei super utsikt over øyriket mot sør og mot nord.

Det er viktig å kle seg etter ver og føreforhold. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre. 

Ruteskildring

Frå Møteplassen/gravstedet ved Breidalen går ein ca 300 meter bort til ein grusveg merka med Stikk UT! skilt. Hald til venstre og følg vegen opp til "fjellkanten" Breidalsaksla, og følg den flotte gruslagte stien heilt opp til Lomstjørna. Der er det eit vatn og ein sitjebenk. Du kan du gå stien vidare heilt opp til Harøyburet. 

 

Tilkomst og parkering

Det er ikkje opparbeida parkeringsplass ved turmålet. Vi ber folk om å ta omsyn- gå eller sykle gjerne til startpunktet for turen. Det er mogleg for 5-6 bilar å parkere sør for Møteplassen, den grusa delen som ikkje er asfaltert. Parker på ein slik måte at du ikkje hindrar trafikken på staden.

Fottur
Blå
Lengde
4,93 km tur/retur
Stigning
183 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
154 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 4

Offentleg transport

For å kome seg til Harøya kan ein ta ferje frå Småge til Finnøy:https://frammr.no/ferje Kjem du med ferge til Finnøya med sykkel kan du sykle til startpunktet, ca. 10 km. Ein følgjer fylkesvegen over Finnøya, moloen og gjennom Steinshamn sentrum. Ta til venstre mot Nordheim i Skulekrysset. Følg veien til gravstedet på Myklebust. Kjem du frå Ålesund området, kan du køyre Nordøyvegen med buss eller eigen bil. Sjå https://www.frammr.no/ for kollektiv transport. Sjekk https://mrfylke.no/veg-og-kollektiv/vegprosjekt/fv.-659-nordoeyvegen/bompengar for informasjon om bompengar på Fv. 659 Nordøyvegen.

Anna

Frå Breidalen er ein flott grusa sti, med berre enkelte bratte parti. Den passar for alle, og ein kan gå med barnevogn. 

Køyreskildring
Print ut