Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sandøy

Type tur

Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

26

Lengde en vei (km)

13

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

MAKS - Maritimt aktivitetssenter i Røsokvika

Harøya/Finnøya

Kvifor gå denne turen?

Fin naturvenleg sykkeltur i Sandøy kommune - ytst på romsdalskysten, ein del av "Øyriket i romsdal". Familievenleg tur på veg nesten utan bakkar (35m i høgdeforskjell). Turen tek til frå ferjekaia på Myklebust. Ved å reise med ferja i rute 22 enten frå Dryna (Midsund kommune) eller frå Brattvåg (Haram kommune) kjem du til startpunktet, Myklebust. Det er også muleg å reise med "nordøyruta", hurtigbåten som går frå Ålesund, via Nordøyane med endepunkt Myklebust.

Kvar i terrenget går turen?

Sykkelturen kan gå to vegar frå Myklebust, enten på innsida via Nordheim eller utsida via Røsok og Morsundet/Brunvoll. Her er det valt yttersida der det etter 2,5 km er muleg å ta ein tur nedom Røsokvika småbåthamn. Der er det etter avtale muleg å leige/låne kajakk. MAKS held til ved småbåthamna i Røsokvika og er eit aktivitetstilbod retta mot ungdom, med padling og segling som hovudaktivitetar. (Kontaktperson er Jørgen Ask Bakke, tlf. 90607475)
Vidare går vegen nordover 2 km der vegen deler seg. Mulegheita er då å sykle rett fram, forbi kyrkja og til Steinshamn. Om ein ønskjer å sykle 3 km lenger går turen til venstre og rundt det yste punktet på Harøya(Morsundet). Ein liten idyllisk plett som er verd å ta turen å sjå. Det er også muleg å sykle 300m rett fram i krysset og svinge inn på den "gamle brunvoldsvegen" forbi dei 5 vindmøllene som står der. Ein koseleg og spanande grusveg som for dei som ønskjer å sjå vindmøller på nært hald kan bevege seg på. Ved vindmølle nr 3 er det mulegheit for å ta seg ein rast på benkar ved vegen.
Turen vidare fører uansett kva veg du syklar til Steinhamn, kommunesenteret. Der er det butikkar, legekontor, bank/minibank, pub/spisested (Øya Pub & Pensjonat ). Turen vidare går over moloen til Finnøya. Endepunktet på turen er ved ferjekaia på Finnøya. Der kan du bade i oppvarma basseng i "Håp i havet" ved Finnøy havstuer. Der er det både restaurant og overnatting om det trengs. Det er også der Finnøy småbåtlag held til og som har gode fasilitetar for båtfolk og andre. Der er også utstilt den spesielle "Finnøymotoren" som kan sjåast gjennom vindauga til småbåtlagets servicebygg.
Sykkelturen kan her ta fleire vegar. Du kan sykle tilbake same vegen til Myklebust (gjerne på innsida av Harøya) eller du kan ta ferja frå Finnøya (rute 32) til anten Ona, Sandøya, Orta eller Småge (Aukra kommune). Ein tur til småøyane i Sandøy kommune er verdt eit besøk. På Ona kan du sjå Onafyret eller besøke keramikkverkstad og utsal. På Sandøya kan du sjå Sandøykyrkja frå 1812 og på Orta kan du ta deg ein tur til "Bestestauå". Desse besøka kan vere ei naturleg forlenging av sykkelturen.
Sjå ellers: Sandøy kommune - http://www.sandoy.kommune.no/ og
Maritim aktivitetssenter - http://www.sandoy.kommune.no/maritimt-aktivitetsenter-maks.432985-19461.html

Kulturminne

Gamle riksgrensa mellom Norge og Sverige frå 16-hundretalet går der. Seinare også grensa mellom sunnmøre og romsdal

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Myklebust ferjekai. Reise med ferje i rute 22 eller hurtigbåt frå Ålesund (nordøyruta)
Rute 22 har starta med innkrevjing av førehandsbompengar for Nordøyvegen

Kvar endar turen?

Finnøy ferjekai - Finnøy Havstuer (Classic Norway)
Fleire endemål om ein ønskjer vidare reise i rute 32 til Ona/Sandøya/Orta eller Småge

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 26
Lengde tur/retur (km) 26
Lengde en vei (km) 13

Mobildekning

God dekning for Telenor 3G.

Spesielle forhold

Etter ca 1 km frå Myklebust ferjekai finn vi den gamle riksgrensa mellom Norge og Sverige frå 16-hundretalet. Denne er skilta og det er sett opp benkar.
Frå same staden er det muleg å ta seg ein fottur opp på Harøyburet (156m), der det også er ein "Stikkutpost". Det er eit flott utkikkspunkt på toppen av Harøyburet, der det er lett å få eit godt innrykk av korleis "øyriket" ser ut i sin heilskap

Kart

Turkart Harøyfjorden 1:50 000