Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

4,8

Total lengde rundtur (km)

4,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot Sunndalen og ut Austefjorden
Turen startar her
Sti vidare på høgre side av elva
Haralddalssætra

Haralddalssætra

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Haralddalssætra ligg inst i Austefjorden. Sætra ligg fint til ved eit lite vatn. Det meste av turen går på skogsveg, men siste biten går på sti.

Kvar i terrenget går turen?

Start inst i Sunndalen ved Høybakk. Følg skogsveg litt bratt oppover. Vegen har asfaltdekke eit stykke. Etter at du igjen kjem inn på grus, deler vegen seg. Du er då på omlag 300 høgdemeter (N62° 02.288' E6° 19.708'). Du skal ta vegen som går til venstre og følge denne heilt til endes. På dette stykket er det lite stigning. Følg sti vidare opp til Haralddalssætra på høgre side av elva. Ta same veg ned att. 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Volda køyrer du E39 mot Stryn. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av på RV 651 mot Straumshamn. Køyr forbi padda og følg skilting vidare mot Straumshamn ved ei bru. Omlag 200 m etter brua ser du skilt til Sunndalen. Følg Sunndalsvegen til du kjem til Høybakk innst i Sunndalen. Start ved postkasser der du kan kjøpe fiskekort.

Kvar kan du parkere?

Parker ved vegen inst i Sunndalen ved Høybakk.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 4
God sti 0,8
Lengde tur/retur (km) 4,8
Total lengde rundtur (km) 4,8
Stigning meter grader
Total stigning 395 Høydemeter

Offentlig transport

Ein kan sykle til start.

Spesielle forhold

Ta gjerne ein stopp ved den store padda. (http://www.nrk.no/mr/stor-interesse-for-austefjordpadder-1.11776964.)
Paddebestanden ved Litlevatnet er av dei største i Europa og vart landskjend då paddene fekk eigne tunnelar under den nye E39.