English

Hallvardsfjellet

Ålesund

Kort om turen

Ei variert rute med flott utsyn over Storfjorden og Vaksvikbygda. Særleg fin tur om våren, når kvitveisen blomstrar mellom bjørkeleggane. Går du her på kveldstid, er det store sjansar for å sjå turistskipa på veg ut fjorden frå Geiranger. Vanlegvis snøfritt frå byrjinga av mai. 

Ruteskildring

Frå parkeringa startar ein skogsveg som du kan følgje eit lite stykke før du tek av til venstre og følgjer merka i trea eller på bakken vidare. Held til høgre på vegen så ser du merkinga gjennom skogen. Slik unngår du ein del myr. Fortset til du ser Storfjorden mellom gamle bjørketre. Her svingar råsa til venstre og er merka vidare bratt opp gjennom bjørkeskogen, forbi restar etter sommarfjøs og ei gammal høyløe. Du kjem etterkvart opp over skoggrensa og får fin utsikt over Vaksvikbygda. Her følgjer du råsa heilt til toppen over berg og lyngmark. Fin utsikt bl.a. til Lauparen.

I staden for å gå same vegen nedatt kan du gå ned til Visetsetra og så følgje setrevegen tilbake til Hallvardsetra.

Tilkomst og parkering

Køyr riksveg 650 frå Sjøholt mot Stordal. Ta av frå riksvegen til venstre på Viset like før tunellen og køyr bratt oppover bygda til du har passert dyrkamarkane og kjem opp i skogen. Parkeringa ligg då på høgre sida av vegen før Hallvardsvatnet. Her står eit skilt til Hallvardsfjellet. Parkering på lunneplass på sørsida av vegen mellom Hallvardsetra og Viset.
Fottur
Blå
Stigning
393 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
571 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,8

Offentleg transport

Buss mellom Stordal og Sjøholt og til fots langs bygdevegen til parkering som beskrive tidlegare.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut