Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

3,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Hallehornet med Middagshornet bak
Ved Brillevatnet
Flott utsikt mot Masdalskloven
Steinstøylen og Hallehornet

Hallehornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Hallehornet er ein av fleire turar du kan gå frå Romedalen. Romedalen er omlag 6 km lang og er fantastisk vakker, kanskje den vakraste dalen i Ørsta! Ei fredeleg elv renn gjennom dalen som er omgitt av ville tindar.
Frå Hallehornet har du flott utsyn mot m.a. Molladalstindane, Masdalskloven og ikkje minst mot Romedalen. Du kan gå vidare langs ryggen til Middagshornet og kome ned att til Barstadsætra, eller til Romedalen der du starta.

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen går stien like nedanfor øvste selet og vidare nokså bratt oppover lia. Det er tydeleg og god sti til du kjem opp på kanten, like før Brillevatnet. Den tydelege stien fører til Molladalen. Du skal sjå etter ein litt utydeleg sti som dreiar til venstre og i retning toppen. Om du ikkje finn stien, er det ikkje noko problem å finne fram. Det er berre å sikte seg inn mot toppen. Frå toppen har du flott utsikt, ta deg tid til å nyte den!

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Du passerer Kubbestøylen og parkerer ved Steinstøylen, to godt bevarte støylar.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta sentrum køyrer du RV655 mot Sæbø. Etter omlag 5 km kjem du til Høgebrua. Du skal ikkje køyre over brua, men køyre rett fram på FV55 mot Standal i 7,5 km. Sjå etter skilt til Romedalen og følg bomvegen heilt til endes. Bompengar 2015 er kr.45,-. Bra med parekringsplass ved Steinstøylen

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Steinstøylen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2
Dårlig sti 1,2
Lengde tur/retur (km) 3,2
Stigning meter grader
Total stigning 555 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Sunnmørsalpane