Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

5,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar du!
Detalj frå seterskjelet på Hakstadsetra.
Skogsidyll.
Gammel løe og seterskjel ved Hakstadsetra.

Hakstadsetra

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Tida har fare hardt med mange av setergrendene i distriktet vårt. Det er derfor artig å sjå så godt bevarte setertun som det du finn på setervollen til Hakstadgardane i Bæverfjord. Både seterskjelet, fjøset og løa som høyrer Hakstad til, er bevart. Det er også seterskjelet og løa til Rønningan, der du finn ein av dei 17 trimpostane til Bæverfjord i.l. Turen opp til setrene går i lett terreng, sjølv om det sjølvsagt er ein del stigning, og for det meste etter skogsveg. Denne turen er midt i blinken for ferske turgåarar eller ein rask trimtur på kveldstid.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar ved avkøyrsla til garden Hakstad i Bæverfjord. Gå opp gardsvegen og rett gjennom tunet. Fortsett på nersida av uthuset rett fram og gå mot kraftmasta ved ekkerkanten. Derifrå går du rett oppover mot skogkanten. Gå igjennom grinda og opp etter skogsvegen. Denne følgjer du til han endar oppe på ei myr. Da tek du til venstre, oppover myra. Gå til du kjem til ein bekk. Denne skal du ikkje krysse, men fortsetje langs oppover eit skar. Etter kvart blir stien tydelegare, og du følgjer han fram til setervollen. Her finn du seterskjelet til både Hakstad og Hakstadrønningan, men er du ute etter trimkassen til Bæverfjord i.l., finn du den på veggen til løa på Rønningsetra.

Kulturminne

Gamle seterbygningar på setervollen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ved avkøyrsla til Hakstad, ca 2 km frå sentrum i Bæverfjord i retning Halsa.

Kvar endar turen?

Setervollen til Hakstad- og Rønningsetra.

Kvar kan du parkere?

Ved startpunktet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 2,6
God sti 2,6
Lengde tur/retur (km) 5,2
Stigning meter grader
Total stigning 307 Høydemeter

Offentlig transport

Det går fleire ruter frå Nettbuss forbi startpunktet.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Turen er skilta og merka.

Kart

Ikkje nødvendig.