English

Haddalshornet og Blåtinden frå Britahaugen

Ulstein

Kort om turen

Turen opp til Haddalshornet og Blåtinden frå Britahaugen er ei av fleire mulige ruter til desse turmåla. Dei same toppane kan også nåast frå Aursneset, Havåg og Eiksund Vassverk, samt frå Ringstaddalen i Haddal. Denne ruta gir fantastisk utsikt mot fjordane og øyane rundt, og ein ser inn til Sunnmørsalpane. Blåtinden er øya og kommunen sin høgste topp. Turen passar for dei med litt turerfaring, då den er ganske lang. Ein kan også ta av i stkrysset ovanfor tregrensa, og gå mot Eiksundsætra. Fine stiar å godt merka. Fantastisk utsikt frå toppane mot fjordar og øyar rundt. Her har ein utsikt både mot Liadalsnipa og inn Ørstafjorden, mot Eika og Voldsfjorden, Rovdefjorden og ut mot

Ruteskildring

Startpunkter for denne turen er øvst i byggefeltet Britahaugen. Ein følger råsa oppover og over ei steinbru til Høgre over elva. Gå ca 10meter å ta til venstre oppover ei skråning. Stien er kupert og nokre plassar myrlendt. Oppe på Sætrehaugane går stien vidare til venstre oppover i nydeleg lauvskog, her kan ein også ta til høgre for å gå ned til Havåg. Eit stykke over skoggrensa kjem ein til eit skilta kryss, der ein kan velje å gå til Haddalhornet til venstre, Blåtinden til høgre. Litt nedanfor kan ein også velje å ta av til høgre, på ein sti som går slakt på skrå mot Eiksundsætra. Leikong.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Eit lite stykke før Selvågtunellen, kjem du til ei gangbru. Det er mulig å parkere ved denne gangbrua på venstre side av hovudvegen. Så tek du gangbrua over og går opp mot Britahaugen, der stien startar ved ei garasje øvst i byggefeltet. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre før gangbrua. Det er mulegheit for å parkere ved gangbrua p
Fottur
Rød
Lengde
7,96 km tur/retur
Stigning
691 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
695 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut