English

Gyrinakken

Herøy

Kort om turen

Gyrinakken ligg på kommunegrensa mellom Herøy og Sande. Dette er ein fin tur der mesteparten av turen går på skogsvegar. Gurskøy IL har trimpost på toppen. Dersom du vil ha ein kortare tilkomst til Gyrinakken sjå same turen frå Sandesida. http://www.mrfylke.no/Morotur/Turar/Gyrinakken

Ruteskildring

Start på parkeringsplassen i Kleppefurene og gå skogsvegen mot vest og ta til venstre i første vegkryss (etter ca 100m) gå så vegen sørover ca 100m og ta til høgre i vegkryss, gå så vegen vestover ca 800m og ta til venstre i vegkryss, følg så vegen nesten til endes, ca 200m, råsa går då til venstre og opp gjennom skogen vestover til toppen. Der er skilta mot Gyrinakken i alle vegkryss.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje, skilta mot Voldnes, køyr Jøsokvegen ca 1,3 km og ta til høgre og køyr ca 600m og ta til høgre i vegkryss etter skule/grendahus og køyr skogsvegen ca 600m til parkeringsplass i Kleppefurene, parker her. God parkeringsplass i Kleppefurene.
Fottur
Grønn
Lengde
2,09 km en vei
Stigning
294 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
363 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,3
Sti 1,8

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut