Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

14,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På veg mot Grytavasstinden kan du godt legge vegen om Svartvassegga, Herfrå har du god utsikt mot oppstigninga til Lauparen.
Denne renna fører deg til toppen av Grytavasstinden.
Litt kliving rett før toppen av Grytavasstinden.
Utsikt frå Grytavasstinden vestover mot Vaksvika og Storfjorden

Grytavasstinden

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Grytavasstinden er ikkje den høgaste toppen i Ørskog, men turen opp er ein av dei mest krevjande og den bør berre gåast i tørt ver med god sikt. Når ein finn rette vegen, er det ein flott tur til ein særmerkt tind. Det er helst ein tur ein gjer frå slutten av juli og utover så lenge det er bert.

Kvar i terrenget går turen?

Første delen av turen er identisk med turen til Lauparen og for ruta frå Grytasætra og opp til Svartvasskaret på 1000 moh viser vi til denne. På dette skaret deler rutene seg, skal ein på Lauparen går ein til venstre, er Grytavasstinden målet, går ein til høgre. Råsa er lite tydeleg, og ein må finne vegen mellom store klippeblokker og etter kvart oppover ryggen mot Svartvassegga. Hald deg midt på ryggen, stort sett går det greitt å finne vegen oppover. Ver ekstra varsam om du bevegar deg ut på snødekte flater. Etter kvart flatar terrenget ut og dannar eit platå på vel 1200m, Svartvassegga. Utsikta er strålande, ikkje minst mot Lauparen som ser ekstra flott ut herfrå.
For å kome seg på Grytavasstinden, må ein gå vidare i sørleg retning, først må ein må tape noko høgde, så mykje at ein held seg lavare enn dei utløparane som går ut frå ryggen mot tinden. Hald deg over ura i eit felt som stort sett er grasdekt. Ein treng ikkje gå ned til vatna som ligg i botnen her. Har ein god tid, kan det vere ein bonus på nedturen. Gå ikkje opp for tidleg! Hald same høgda heilt til du ser skaret på sørsida av Grytavasstinden, då kan du byrje å stige. Ein ser no ein bratt bakke dels dekka av mose, dels av grus, som strekker seg mot høgste partiet av fjellet. Her skal du opp. På toppen av denne bakken, der den møter fast fjell, er det måla markeringar på fjellet i form av raude felt som viser vegen siste stykket. Du skal kunne sjå frå merke til merke. Sjølve toppen med varden ligg litt kronglete til, og ein ser først varden like før ein er der. Det er litt klyving i dette området, men ikkje vanskeleg.
Utsikta er storslått, spesielt mot Lauparen og mot fjella ved Overøye, elles minner utsikta mot sør og vest om utsikta frå Lauparen, betre blir det ikkje! Unn deg ein god pause på toppen, ein treng litt energi før ein byrjar på nedturen. Gir ein seg god tid, går denne også greitt.
Området mellom Grytavasstinden og Grytavatnet er spesielt, med mykje ur, dei to vatna Isvatnet og Trollvatnet, og med ein del breparti. Storbotnshornet som ligg lenger mot sør og vest er endå høgare enn Grytavasstinden (1370 moh), men er vanskeleg tilgjengeleg og vi tilrår ikkje at ein går her utan i fylgje med fjellvande som kan vegen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Ca. 1,5 km etter Sportskapellet tek du av til høgre mot Grytalisetra. Her er det bomveg med avgift. Køyr til Grytalisetra og parker her.

Kvar kan du parkere?

På Grytalisetra.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 11,4
Natur 2,8
Sleipt underlag 0,4
Lengde tur/retur (km) 14,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 600 17
Total stigning 930 Høydemeter

Mobildekning

Delvis

Kart

Ørskogfjellet