English

Grytalisetra

Ålesund

Kort om turen

Lett skitur i slakt og fint skogsterreng. Her er du så langt frå bilar og gatelys, at du enten må gå i måneskin, - eller ha med deg hovudlykt. I dei flotte skispora som eldsjeler frå IL Lauparen held ved like, kan du enten lange ut for å trene kondisjon og teknikk, - eller ta det meir med ro og nyte naturen. Grytalisetra med gamle sel og nyare hytter.

Ruteskildring

Skisporet går først lang vegen over Vaksvikfjellet. Etter ca 1 km kjem du til eit vegkryss der også skiløypa deler seg. Her skal du halde til høgre. Du er no over på setrevegen mot Grytalisetra. Løypa går slakt nedover før den kryssar Fremsteelva på ei brei og ny bru. Så er det slakke motbakkar til du kjem til Grytalisetra. Er det måneskin, kan du sjå Skorkjene og etterkvart også Grytavasstinden i sør og aust.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Køyr så langt vegen er brøyta. Du kan køyre så langt vegen over Vaksvikfjellet er brøyta. Her er det vanlegvis greitt med parkering på kveldstid, men pass på å ikkje sette bilen på snuplassen.
Skitur
Grønn Løype
Stigning
108 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Høyeste punkt
392 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 5

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut