English

Gruvene

Ålesund

Kort om turen

Ein kort, men bratt tur på god rås. Du går i sørvendt lauvskog, før du kjem opp til det gamle gruveområdet med utsikt over Sjøholt sentrum og Ørskogvika. Når det gjeld utsikta er den finast om våren, før det vert for mykje lauv på trea. Gruvene er som namnet seier, gamle gruver der ein for over hundre år sidan tok ut jarnmalm for eksport. Du finn tre gruvegangar som går rett innover i fjellet. To av dei er ganske grunne, medan den tredje går lenger innover. I tillegg er der ei gruvesjakt. NB! Gruvesjakta er IKKJE sikra!

Ruteskildring

Turen følgjer i starten privat veg forbi eit stort redkapshus og ei lita ridebane. Du forlet dyrkamarka og kjem inn på ein litt gjengrodd skogsveg, retning nordvestover, før du finn råsa som går vidare mot vest. Du kjem snart til murane rundt den gamle hjulgogna som var i enden av malmrutsjebana til sjøen. Vidare er råsa lett å følgje på skrå opp gjennom lauvskogen. Råsa er heile vegen tydeleg og du rundar etter kvart nordover og så austover igjen før det vert brattare når du nærmar deg målet.

Tilkomst og parkering

Ta av mot nord frå E 39 i Sjøholt sentrum, skilt mot Solnørdal. Følg Solnørdalsvegen i 1,5 km. Då er det slutt på dyrka mark og du passerer ei ferist. Forbi denne og til høgre for vegen kan du du parkere. Har du bil, parkerer du langs vegen ved granskogen.
Fottur
Blå
Stigning
154 m
Tidsbruk
50 min.
Høyeste punkt
244 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Sti 0,8

Anna

Snøfritt frå midten av april. Turpostkasse med bok til å registrere seg i, finn du i ei bjørk ved den andre gruva du kjem til.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut