Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sula

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6

Lengde en vei (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Grøthornet

Fotograf: Tor Raymond Eriksen

Kvifor gå denne turen?

Praktfullt utsyn mot Ålesund, Nordøyane og utover havet.
Sjå spora etter turbinrøyra (røyrgata), og demninga som ein gong supplerte Devold med straum. Om du går turen ein søndag eller ein annan raud dag, så kan du raste på Vonhytta og kjøpe varm drikke i kiosken.

Kvar i terrenget går turen?

Godt tråkka rås som følger røyrgata til den gamle kraftstasjonen på Devold. Råsa er bratt og steinete, men er grei å gå.
Råsa passerer knutepunktet på Gamlestølen der Vonløypa kryssar råsa, her går turen vidare rett oppover. Du kan også følgje Vonløypa som er ein turveg, opp til Vonhytta.
Etter kvart så kjem du opp til «demma» ved Molværsvatnet, demninga står enda som eit symbol på den store påverknaden industrien og spesielt Devold har hatt på Sula si historie.
Eit lite stykke over demninga passerer du Vonhytta, som er eit flott rastepunkt på turen. Stien som går mot venstre oppover fører til Vardane, du må derfor gå bak hytta og følge stien som går videre utover fjellet til Grøthornet.

Kulturminne

Dei fleste hyttene i området nedanfor Vonhytta kom opp i mellomkrigstida. Den tida fungerte framleis kabelheisa til Devold som vart brukt ved bygginga av demninga til Molværsvatnet.
Informasjon om kraftstasjonen og demninga finn du her: http://www.devoldfabrikken.no
Vonhytta vart reist på dugnad i 1934.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Vasskummen (lokalt namn) i Langevåg. Du kjem til Vasskummen ved å følgje Molværsbrauta heilt til endes.
Kryss elva ved Vasskummen og følg råsa «Breivegen» rett oppover fjellet.

Kvar endar turen?

Grøthornet, 650 m.o.h.

Kvar kan du parkere?

Gode parkeringshøve ved Vasskummen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 3
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3
Stigning meter grader
Total stigning 570 Høydemeter

Mobildekning

Ja