Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde en vei (km)

3.5 km overgangstur

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Vanylvsfjella sett frå Grøthornet
Utsikt mot aust, Morkavatnet og Veten
Storehornet/Sandviktua
Utskt mot vest, Riste, Sandsøya og Hallebygda.

Grøthornet

Kvifor gå denne turen?

Grøthornet er ein liten topp, men med god utsikt utover mot havet og øyane i Sande. Du har også utsikt mot Vanylvsfjella, Veten og Morkavatnet. Larsnes IL har trimpost på toppen.

Kvar i terrenget går turen?

Grøthornet har tilkomst frå Drageskaret og frå Larsnes. Frå Drageskaret; Start på toppen av Drageskaret, råsa går over myrane søraustover mot Svartevatnet, den deler seg når den byrjar å gå oppover, då tek du til høgre skilta mot Grøthornet, råsa går då mot sør og kryssar elva, går så opp på fjellryggen og fylgjer den til toppen. Frå Larsnes; Start midt i Råkja byggefelt, råsa er skilta mot Grøthornet, gå 60m opp ein smal veg som går mot Kvalen, når du kjem opp vegen og den kryssar elva tek du til venstre opp gjennom skogen, råsa går då på utsida av gjerdet mellom utmark og innmark. På siste innmarksstykket går råsa over innmarka og opp ein traktorveg som går gjennom skogen. Deretter går råsa over myrane og opp til ein annan skog, råsa går då i skogkanten nesten til skogen sluttar, då svingar råsa inn i skogen og går rett mot vest opp til toppen. Det er godt skilta i alle vegkryss på denne turen. Dersom du vil gå turen som overgangstur er det mogleg å gå gamlevegen mellom Larsnes og Drageskaret som retur. Gps fila og lengdene som er oppgitt er som overgangstur.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Drageskaret; Fv 61 på toppen av Drageskaret mellom Larsnes og Gursken. Frå Larsnes; Ta av frå fv 61 i vegkryss på nordsida av Larsnes sentrum skilta mot sjukeheim og Kyrkje. Køyr 650 m og ta til venstre før prestegarden, køyr ca 250m opp i Råkja byggefelt , her startar turen.

Kvar kan du parkere?

Frå Drageskaret, parkeringsplass på toppen. Frå Larsnes, ved vegen i Råkja byggefelt.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,2
God sti 3,3
Lengde en vei (km) 3.5 km overgangstur
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 100 12
Bratteste helning ned 100 12
Total stigning 220 Høydemeter

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no