English

Grøntua og Hornet

Sande

Kort om turen

Grøntua og Hornet ligg på nordsida av Sandshamna. På Grøntua og på Hornet har du god utsikt over ytre søre og utover havet. Hornet er sjette og Grøntua er sjuande topp i sjutoppsturen som vert arrangert av Sandsøy I.L kvar påske. Sandsøy I.L har også trimpost på Grøntua.

Ruteskildring

Grøntua og Hornet har god tilkomst både frå Sandshamn og frå Våge.Frå Sandshamn: Gå 200 meter i retning mot Våge, ta til høgre opp ein bratt bakke, gå 300m til ei løe på høgre side av vegen. Råsa byrjar på austsida av løa og går langs gjerdet oppover dyrkamarka. Når du kjem oppom dyrkamarka er råsa godt merka med raude merkepinnar heilt til toppane. Råsa deler seg når du kjem opp på topplatået; Grøntua beint fram og Hornet til venstre. Frå Våge: Køyr 1,5 km frå Sandshamn mot Våge, parker på avkjørsle på venstre side av vegen, gå 100 meter mot Våge og ta til høgre ved ein vårfjøs. Her startar råsa. Ho går langs gjerdet over nokre myrar, så bratt oppover til toppen av Hornet, og fylgjer så ryggen bort til Grøntua. Godt merka rås heile vegen.Turen til Grøntua og Hornet er fin å ta som overgangstur, då vert det 1,4 km ekstra spasering langs vegen.

Tilkomst og parkering

Ta ferje frå Larsnes eller Åram til Voksa, køyr 5,5 km frå ferjekaia til Sandshamn. Sjekk ferjeruta før turen, ca 2 t mellom kvar avgang. Dette er også ein tur du kan kombinere med å sykle på Sandsøya, då tek du berre med deg sykkel over på ferja. Der er også god gjestehamn på Sandshamn, så det er også mogleg å kome med eigen båt. Der er gode parkeringplassar på Sandshamn, så det er enklast å parkere her, skal du parkere ved Våge er der berre ei lita avkjørsle.

Fottur
Grønn
Lengde
2,75 km rundtur
Stigning
262 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
250 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 2,5

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 IV, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut