Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

2,4

Lengde en vei (km)

1,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Naturstien - utsikt mot Stordal.
Start ved Vinjehjellane bustadfelt.
Bak det raude huset på Midtbustgardane sluttar stien og du følger vegen tilbake til Stordal skule.
Naturstien.

Grigås natursti

Fotograf: Ruth Janne Vinje

Kvifor gå denne turen?

Natursti med informasjonstavler undervegs. Opplysningar om dyr, planter og natur. Turkasse om lag halvvegs i naturstien. Litt bratt opp- og nedstigning. Turen går for det meste i barskog.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå Stordal skule. Kryss vegen over fotgjengarfeltet og gå mot venstre. Ved postkassestativet tar du til høgre og følg vegen mot Vinjehjellane bustadfelt ca 1 km, til du kjem til skiltet merka Grigås natursti. Her går du inn i gjerdet, held mot høgre og rett opp ei bratt stigning til dei øvste husa i bustadfeltet. God rås vidare mot høgre og inn i skogen. Du kan følge råsa gjennom skogen og ned til Midtbustgardane og gå vegen tilbake til Stordal skule. Alternativt kan du midtvegs i turen gå vidare mot Midtbustsætra, Turrnausa eller andre turmål. 

Kulturminne

Murane av gammalt sommarfjøs. Kvernhus på Midtbust

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Stordal skule.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,4
Lengde tur/retur (km) 2,4
Lengde en vei (km) 1,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 15 35
Bratteste helning ned 20 25
Total stigning 120 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Ørskogfjellet