English

Goksøyra

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Goksøyra er sjølve monumentet i Eresfjord, der den frå den flate bygda rager rett opp til 1315 moh. Først bratt og god sti opp skogslia til Ufssalen.(546 moh) Deretter høgfjellsterreng etter godt opptrakka og varda sti. Frå toppen av Goksøyra har du ei fantastisk utsikt.

Ruteskildring

Turen følgjer godt opptrakka og merka sti. På den vesle knausen du passerer 781 moh, kan du velgje å ta rett opp den litt brattare fjellknausen istaden for stien vidare. Det enklaste og lettaste er likevel å følgje stien. Rund svagt oppover mot høgre. Hald til høgre for den store botnen (Kvilhaugbotnen ) og vidare opp til ein flat ryggformasjon. Her følgjer du opp langs venstresida av bekken. Noen steinvarder viser vegen. Oppe i neste botn ligg det ein snøskavl. Denne kan du krysse rett over eller følgje steinryggen på venstre side. Når du har passert snøfeltet er du snart oppe. Snart ser du toppvaraden. No er det berre å nyte utsikta til alle kantar. Den kan nesten ta pusten frå deg ! Men gle deg likevel.

NB! Ta gjerne også turen til den nordre toppen på Goksøyra. (1211 moh). På ved opp ser du den til høgre for snøbreen og skaret. Det er frå denne toppen basehopparane hiver seg utfor.

Tilkomst og parkering

Frå fylkesvegen på austsida i Eresfjord tar du av kommunevegen mot Grandsetra. Følg denne ein liten kilometer oppover til ein tømmerlunneplass på venstre side av vegen. Parker her. Derifrå går det også ein skogsveg opp til høgre. Det er her du starter. Følg denne som etter kvart går over til sti. Du kan også parkere noen hundre meter lenger opp, ved vassverkinntaket under Bjørbakken.
Fottur
Svart
Stigning
1222 m
Tidsbruk
6 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1268 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8

Offentleg transport

Nei.

Anna

NB! Ikkje fell for fristelsen å kaste stein utfor fra toppen av Goksøyra. Det kan vere folk som klatrar i veggen under deg.

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut